Kontaktleidning, som òg vert kalla køyreleidning eller luftleidning, er ein elektrisk leidning, vanlegvis av kopar, som er hengd opp på langs over skjenene for jarnbane eller sporvogn (trikk), og over gater i ruta for trolleybussar, for at tog som vert drive med elektrisitet, sporvogn og trolleybussar, kan få straumen tilført frå leidningen gjennom ein straumavtakar på taket. Skjenegåande køyretøy treng berre ein kontaktledning, då skjenene vert nytta som den andre leidningen, medan trolleybussar, som går på vanlege gummihjul, treng to kontaktleidningar isolerte frå kvarandre.

Kontaktleidning for jarnbane.
Lodd som held kontaktleidningen på ei jarnbane stram.
Kontaktleidning for sporvogn.
Kontaktleidningar for trolleybuss i eit kryss.

Kontaktleidningen for tog vert halde oppe av ei eit system av stolpar med elektrisk isolerte utliggjarar som held leidninga på rett plass over skjenegangen. Ein særskild berekabel vert nytta for å halde leidningen oppe. Då leidningen må vere stram, vert både leidningen og berekabelen halde stramme ved hjelp av eit system med hengande lodd. For å gje jamn slitasje på den skjena på straumavtakaren som tek opp straumen frå leidningen, ligg leidningen i sikksakk i høve til midtlinja i sporet, med utslag til kvar side på 30-40 centimeter.

I tunnelar kan kontaktleidningen vere erstatta av ei kontaktskjene opphengd under tunnelkvelven. Kontaktskjener er òg ofte nytta i verkstadhallar for elektriske tog, på jarnbanebruer som kan opnast for skipstrafikk, og i somme andre høve.

For sporvogn (trikk) i bygatar og på andre baner der farta er låg, og for trolleybussar, vert kontaktleidningen hengd opp etter eit enklare system, ofte berre i isolerte kablar strekt over gata og festa til husa langsetter gata, og det er ikkje naudsynt å nytta lodd for å halde leidningen stram. For moderne trikkar med høgare fart, til dømes bybanar, vert det gjerne nytta kontaktleidningssystem meir likt det som vert nytta på jarnbaner.

T-baner er det i staden for kontaktleidning, vanlegvis ei straumskjene langsetter sporet, og straumavtakarar på boggiane på somme av vognene.