Snežana Pajkić[a] (fødd 23. september 1970) er ein serbisk tidlegare friidrettsutøvar frå Ćuprija som tevla for Jugoslavia. Ho vart europameister på 1500 meter i 1990.

Snezana Pajkić
Statsborgarskap Serbia
Fødd 23. september 1970 (53 år)
Ćuprija
Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk serbisk

Aktiv endre

Pajkić var eit stort talent på mellomdistansane. I junioralderen sanka ho fire internasjonale medaljar på 1500 m; bronse og sølv i Junior-VM 1986 og -88, samt gull i Junior-EM 1987 og 1989.

Enno ikkje fylte 20 år vann Pajkić 1500-meteren under EM i friidrett 1990, på det som då framleis var jugoslavisk heimebane i Split. Med tida 4.08,12 viste ho austtyske Ellen Kießling og sveitsiske Sandra Gasser til høvesvis sølv- og bronseplass, begge slått med eit halvt sekund.

I 1991-sesongen sette Pajkić personleg rekord på 800 meter med 2.01,78. Deretter forsvann ho frå internasjonal friidrett.

Merknadar endre

  1. Serbisk-kyrillisk skrift Снежана Пајкић

Kjelder endre