Opna hovudmenyen

Snorre Valen

norsk musikar og politikar

Snorre Serigstad Valen (fødd 16. september 1984 i Oslo) er ein norsk politikar (SV) og musikar. Han er førstekandidat for Sør-Trøndelag SV ved stortingsvalet i 2009. Valen jobbar i dag som kommunikasjonsansvarleg ved NTNU Samfunnsforskning AS.

Snorre Valen
Snorre Valen (205437).jpg
Fødd 16. september 1984

Oslo

Parti Sosialistisk Venstreparti

I 2007–08 var Valen dagleg leiar i det kortliva forsøket på å gjenopplive Arbeideravisa i Trondheim.

Valen sat i fylkestinget for Sør-Trøndelag SV og i Trondheim bystyre for Trondheim SV frå 2003 til 2007 og leia i denne perioden utdannings- og velferdskomiteen i Sør-Trøndelag fylkesting.

MusikkEndra

Valen er pianist og songar og har bakgrunn i Nidarosdomens Guttekor og musikklinja på Trondheim katedralskole. Han spelte i perioden 2004–08 i bandet Gallery og gav ut éi plate med gruppa. Han speler no i elektronika-gruppa Amish 82 og bluesbandet Peevish Penfriend.

BakgrunnsstoffEndra