Sofía Patsalídes
Sofía Patsalídes (fødd 16. desember 2000 i Levkosía) er ein kypriotisk songar.
Sofía Patsalídes | |||
Fødd | 16. desember 2000 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Levkosía på Kypros | ||
Fødenamn | Sofía Patsalídes Σοφία Πατσαλίδης | ||
Opphav | Kypros | ||
Aktiv | 2010–i dag | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | Vokal og piano | ||
Verka som | songar |
Eurovision
endreJunior Eurovision Song Contest 2014
endrePatsalídes vart vald internt av Radiofonikó Ídrima Kýprou til å representere Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2014 i Marsa på Malta.[1] Ho framførte songen «I pio ómorfi méra», på gresk og engelsk, og enda på niandeplass med 69 poeng; åtte frå Bulgaria og San Marino, sju frå barnejuryen, Sverige og Nederland, fem frå Italia, fire frå Georgia, Slovenia og Montenegro og tre frå Kviterussland og Russland.[1][2] I tillegg fekk alle land tolv poeng for at ingen skulle stå att utan.[2] Ho skreiv songen saman med Stavros Stavrou og Aléx Panayí.[2]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Sophia Patsalides to represent Cyprus» (på engelsk). Junioreurovision.tv.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «About Sophia Patsalides» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 28. november 2014.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sophia Patsalides» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2014.