Solfrid Heier

norsk songar og skodespelar

Solfrid Heier (fødd 20. september 1945), også kjend under artistnamnet Winnie, er ein norsk skodespelar og songar. Ho har spelt i filmar som Skjær i sjøen, Balladen om mestertyven Ole Høiland, Olsenbanden, Krigerens hjerte og Ute av drift!.

Solfrid Heier
Fødd20. september 1945 (78 år)
FødestadNoreg
Verka somsongar, teaterskodespelar, filmskodespelar

Heier scenedebuterte på Oslo Nye Teater då ho var 17 år gamal, i musikalen Dikter i ulvepels, og har sidan også spelt på Riksteatret, Trøndelag teater, Chateau Neuf og Stadsteatern i Stockholm. Heier har også hatt gjesteroller i TV-seriar som Karl & Co, Hotel Cæsar og Mot i brøstet.

Heier debuterte som artist i midten av 60-åra under artistnamnet Winnie. I 1967 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Skitur», saman med Toril Støa, og enda på ein tredjeplass. Solfrid Heier var også plateartist i Sverige.

I 2007 var Heier einaste skodespelar i stykket Alkymisten, basert på boka av Paulo Coelho, på blant anna Christiania Theater.[1]

Filmografi

endre

Diskografi

endre
  • 1965 – «Tänk om han säger nej»/«Usla karl» (Karusell KFF 625)
  • 1967 – «Skitur»

Kjelder

endre
  1. «Solfrid Heier (74): Slik holder jeg meg ung». VG.no. Henta 19. november 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre