Brent jord
- For militærtaktikken, sjå den brende jords taktikk.
Brent jord er ein norsk spelefilm frå 1969. Filmen er regissert av Knut Andersen og basert på romanen Fimbulvinteren av Sigbjørn Hølmebakk.
Regi | Knut Andersen | ||
---|---|---|---|
Manus | Sigbjørn Hølmebakk | ||
Basert på | Fimbulvinteren | ||
Medverkande | Rolf Søder | ||
Utgjevingsdato | 1969 | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | dramafilm |
Handlinga utspeler seg i Finnmark, hausten 1944. Den tyske okkupasjonsmakta trekkjer seg attende, pressa av Den raude armeen. På vegen sørover svir dei etterkvart av eit landområde like stort som Danmark. Til saman vart om lag 60 000 menneske tvangsflytta og 11 000 bustadhus, 116 skular og 21 sjukehus i tillegg til bruer, kraftverk og kaianlegg øydelagde. Filmen skildrar denne hendinga og konsekvensane for enkeltmenneske og heile samfunn der bygd og by vart lagde øyde.
Filmen hadde premiere 24. februar 1969 på Saga kino og Symra kino i Oslo.
Rolleliste
endreSkodespelar | Rolle |
---|---|
Rolf Søder | Hekki Haldonen |
Anne-Lise Tangstad | Alma, kona til Hekki |
Kåre Tannvik | Ivar |
Tove Andreassen | Anne |
Brith Henriksen | Lilly |
Bonne Gauguin | Bestemora |
Solfrid Heier | Herdis |
Arne Lindtner Næss | Ilja |
Reiner Brönneke | Offiseren |
Bernt Erik Larssen | Adjutanten |
Dagmar Myhrvold | Herdis si bestemor |
Egil Hjorth-Jenssen | Herdis sin bestefar |
Carsten Byhring | Basen |
Willem Fricke | SS-mann |
Erling Zahl | SS-mann |
Harald Johansen | Hirdmannen |
Anna Ekrem Hansen | Læstadianarkone |
Lugvig Johansen | Juhanni |
Sonja Westrheim | Diana |
- Speletid: 101 minutt
- Tilrådd alder: Frå 12 år
Bakgrunnsstoff
endre- Brent jord ved IMDb
- Brent jord i Norsk filmografi