Solidaritet (frå fransk solidarité: samhald, å høyre saman med kvarandre; med opphav i latin, solidum, heile summen, heilskapen) tyder samhald mellom menneske eller grupper av menneske på bakgrunn av ei kjensle av sams situasjon, interesser og lagnad. Solidaritet går ut på å syne handling og framferd som ikkje berre fremjar eigne interesser, men om naudsynt setje eigne interesser til sides for å fremje interessene til den eller dei gruppene ein sjølv meiner å høyre saman med i eit større fellesskap. Kollektive verdiar for fleire kan skapast ved å sjå seg sjølv eller si eiga gruppe i ein større samanheng og arbeide for det som er best for alle, ikkje berre for ein sjølv og sine. Ofte har krav om solidaritet, eller eit ynske om å fremje solidaritet, vore sett på som eit krav eller ynske om å fremje eller skape rettferd.

Omgrepet solidaritet (eller omgrepet å solidarisere seg med) er ofte nytta i politiske samanhengar, og har vore det grunnleggjande prinsippet i arbeidarrørsla og basis for fagorganisasjonanes kamp for betre vilkår. Såleis har ofte streik og sympatistreik vore sett i verk som solidaritetsprosjekt. I arbeid med å få dei store folkemassane i verda uta av fattigdom og naud, har solidaritetstanken stått sterkt i mange samanhengar. Det same gjeld tanken om solidaritet med framtidige generasjonar ved å redusere forbruk og levestandard i den velståande delen av verda for å berge heile verda frå den globale katastrofen som forureininga og rovdrifta på resursar fører med seg.

Mange vil meine at det er ideane om solidaritet som har skapt velferdsstaten, og solidaritetstanken har òg vore basis for skipinga av somme typar gjensidige trygdelag og ymse hjelpefond.