Solomon Okoronkwo
Solomon Okoronkwo (fødd 2. mars 1987) er ein nigeriansk fotballspelar.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 2. mars 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Enugu | ||
Høgd | 184 cm | ||
Posisjon | Angrep | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Aalesund | ||
Nummer | 30 | ||
Ungdomsklubbar | |||
River Lane Youth Club Gabros International | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004 2005-08 2007 2008-11 2011- |
Gabros International Hertha Berlin Rot-Weiss Essen (lån) Saturn Aalesund |
39 (4) 15 (1) 14 (0) 7 (0)[1] | |
Landslag | |||
2008- | Nigeria | 2 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 22. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. juli 2010 |
Okoronkwo vart oppdaga i 2004-av FIFA-agenten Marcelo Houseman, som tok han med til Hertha Berlin i Tyskland. Han vart verande i Berlin frå 2005 til 2008. Hausten 2006 fekk han lite speletid hjå Hertha, og vart difor lånt ut til nedrykningstruga Rot-Weiss Essen i 2. Bundesliga for å få kamptrening. I august 2008 selde Hertha han for om lag 1,4 millionar euro til Saturn i den russiske eliteserien, der han skreiv under ein kontrakt for to og eit halvt år. Saturn gjekk konkurs i januar 2011. Okoronkwo hamna då i Ålesund. I 2011-sesongen spelte han i angrep for Aalesund i den norske Eliteserien. Han debuterte i Tippeligaen i andre serierunde i 2011, borte mot Vålerenga
I oktober 2004 anbefalte agenten han til Nigeria sin U20-landslagstrenar, og Okoronkwo vart ein viktig spelar for Nigeria under kvalifiseringa til Den afrikanske ungdomsmeisterskapen i Benin i 2005. Han var òg med på U23-landslaget som tok sølv i OL i Beijing i 2008. Han vart teken ut til A-landslagstroppen første gong i oktober 2008.
Kjelder
endre- Denne artikkelen starta med omsetjingar frå engelsk og tysk Wikipedia 15. juni 2011.
- Spelarprofil på Aalesund sine nettsider[daud lenkje]