Solum prestegard
prestegard i Skien kommune
59°13′22″N 9°36′33″E / 59.22278°N 9.60917°E
Solum prestegard ligg sørvest for Solum kyrkje, på den andre sida av Klovholtvegen. Tre bygningar på prestegardstunet er freda: hovudbygningen, forpaktarbustaden og eit lysthus.
Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel og valmtak. Bygningen vart oppført i 1715, men vart bygd om fleire gonger på 1800-talet og har sin noverande utsjånad frå 1842. Forpaktarbustaden er ifylgje Opplysningsvesenets fond frå 1800-talet, medan alderen til lysthuset synast å vere ukjend. Hovudbygningen og forpaktarbustaden vart måla sommaren 2018.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Solum prestegard» frå Wikipedia på bokmål, den 7. september 2019.
- Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «175 Solum prestegard». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 151–152.
- Opplysningsvesenets fond: Solum prestebolig[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Solum prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren