Solum stavkyrkje

tidl. stavkyrkje i Skien

Solum stavkyrkje var forgjengaren til dagens Solum kyrkje og stod i likhet med denne kyrkja på grunnen til prestegarden (gnr. 3). Kyrkja var vigsla til Døyparen Johannes, og Lorentz Dietrichson kallar kyrkja «Johannes den døbers kirke i Solum».

Kristusfigur frå krusifiks frå Solum

Kyrkja er omtala i 1349[1] og 1370.[2] Helgendedikasjonen går fram av Biskop Eystein si jordebok,[3] og Povel Huitfeldt syner i si stiftsbok (1575)[4] at Solum er hovudkrykja i prestegjeldet med fleire anneks. Jens Nilssøn omtalar kyrkja i si visitasbok.[5] Ein synfaringsrapport skildrar skipet som eit stavbygg med stolpar og plankar imellom og tekt med spon. Koret var derimot tekt med teglstein, og Lorentz Dietrichson held det for sannsynleg at kyrkja då hadde fått eit lafta kor. Kyrkja skal ha vore mørk med berre eitt vindauge i vest.[6] Moglegvis kom det lafta koret til i 1580, for i kyrkja skal det i ei årrekkje ha lege ein tømmerstokk med ei latinsk innskrift som i ei jubileumsbok frå 1966 er attgjeven slik: «Til den guddommelige dyrkelses forherligelse og den hellige religions gavn er denne bygning oppført år 1580 etter Kristi fødsel.»[7][8]

Stavkyrkja vart som andre kyrkjer seld på auksjon i 1720-åra. I 1765 vart ho seld igjen, denne gongen til amtmann Frederik Georg Adeler. Like etterpå vart ho riven, og dagens kyrkje vart oppført.

Gjenstandar frå stavkyrkja endre

Ei mellomalderklokke er overført til dagens kyrkje, og ein firkanta døypefont i stein frå 1200-talet vart sendt til Oldsaksamlinga i 1870.[7] Ein kristusfigur frå eit krusifiks skal vere å finne i Nordiska museet i Stockholm. Ifølgje jubileumsboka[9] er dessutan ein alterkalk frå mellomalderen, og nokre messingljosestakar er truleg også det.

Av etterreformatorisk inventar er ikkje minst den barokke preikestolen frå 1674,[10] som framleis vert brukt i dagens kyrkje. Mellom andre gjenstandar som er nemnde i jubileumsboka, er ei benkedør frå 1674, eit krosssfestingsbilete over korboga (1710), tre måleri i våpenhuset (1700), ein bibel (1699) og — i prestegarden — kalk, disk og oblatøskje i sølv.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Diplomatarium Norvegicum IV:349
  2. Diplomatarium Norvegicum I:405
  3. Eystein Aslaksson (1958). Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog): Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400. H. 1. Oslo: Børsum. s. 18. 
  4. Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 55. 
  5. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 429. 
  6. Dietrichson, s. 504.
  7. 7,0 7,1 Solum kirke 200 år, s. 3.
  8. Avbilda i Digitalt museum.
  9. Solum kirke 200 år, s. 15–16.
  10. Avbilda på Kyrkjesøk.

Bakgrunnsstoff endre