SomBy er ei finsk samisk musikkgruppe frå Sodankylä som syng på nordsamisk. Gruppa blei skipa i 2004 og er ikkje oppløyst, sjølv om ho er blitt mindre aktiv.[1]

SomBy
Aktiv2004-

Gruppa blei skipa i Vuotso i Sodankylä i 2004 av Miira Suomi, Milla Pulska og Unna-Marit Pulska.[2] I 2007 blei Juho Kiviniemi og Oula Guttorm frå Enare med.[3][4]

Gruppa er knytt til plateselskapet Tuupa Records Oy, som også den skoltesamiske songaren Tiina Sanila og den enaresamiske rapparen Amoc høyrer til.[4][5] SomBy gav ut det fyrste albumet sitt, Čáhppes Lasttat, 24. mai 2008.

Gruppa har blant anna medverka i offisiell finsk turistreklame gjennom ein video der medlemmane snakkar om heimstaden og kor viktig det samiske opphavet deira er.[6]

Etter ti år reduserte gruppa verksemda si. Systene Pulska skipa gruppa Ravggon (ei nemning for ein rein som ikkje vil halda seg på plassen sin i ein rajd).[1]

Prisar og utmerkingar endre

I 2009 vann gruppa Sámi Grand Prix med songen «Ii iđit vel», og fekk dermed representera samane ved Liet-Lávlut, ei internasjonal musikktevling for minoritetsspråk.[7]

Medlemmar endre

Diskografi endre

  • Čáhppes Lasttat, 2008
  • Álás eana, 2010
  • Viimmat, 2014[8]

Kjelder endre