Somerfield på New Zealand
Somerfield er ein forstad sør i Christchurch på New Zealand.
Somerfield | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Canterbury | ||
Distrikt | Christchurch | ||
Areal | 1,2 302 km² | ||
Folketal | 3 543 (2006[1]) | ||
Postnummer | 8024 | ||
Somerfield på New Zealand 43°33′43″S 172°37′26″E / 43.562038888889°S 172.62396111111°E | |||
Wikimedia Commons: Somerfield, New Zealand |
Location
endreForstaden er avgrensa av Heathcote River, Strickland Street, Milton Street og Barrington Street. Skulane Christchurch South Intermediate og Somerfield School, Somerfield Park og ei rekkje forretningar ligg i Somerfield. Bydelen er kjend for å ha ein stor variasjon av treslag, særleg langs Heathcote River.
Etymologi
endreDen newzealandske politikaren Richard Packer (1794—1872) var representant i Parlamentet på New Zealand frå 1858-1859 for elektoratet Town of Christchurch. Han åtte 170 000 m² land i sørenden av Colombo Street. Der sette han opp bustaden sin som han kalla Somerfield, etter fødestaden sin, Somerset i England. Son hans, Henry William Packer (1831–1890), utvida familien sitt landområde til 0,53 km². Namnet til bustaden deira vart seinare gjort til namn på denne forstaden.[2][3]
Referansar
endre- ↑ Statistics New Zealand, folketeljinga i 2006.
- ↑ Harper, Margaret. «Christchurch Place Names» (PDF) (på engelsk). Christchurch City Libraries. s. 167. Henta 5. februar 2012.
- ↑ «Mr. Richard Packer». The Cyclopedia of New Zealand - Canterbury Provincial District. Christchurch: The Cyclopedia Company Limited. 1903. Henta 5. februar 2012.