Opna hovudmenyen

Heathcote-elva (maori Ōpawaho[1]) er ei elv som ligg innanfor bygrensene til ChristchurchNew Zealand. Ho får tilførsle frå kjelder nær Templetons Road, og i tillegg nedbørsvatn så langt vest frå som Pound Road. Ho snor seg kring foten av Port Hills frå vest til søraust[2].

Heathcote River
Ōpawaho (maori)
elv
Christchurch, New Zealand, NASA 3.jpg
Heathcote- og Avon-elva i Christchurch.
Land New Zealand New Zealand
Renn gjennom Christchurch
Munning Pegasus Bay via Avon Heathcote-estuaret
 - høgd moh.
Wikimedia Commons: Heathcote River

ElveløpEndra

Tilsigsområdet til Heathcote-elva strekkjer seg til forstaden Yaldhurst. Elva renn gjennom Wigram, Hillmorton (der hovudkjeldene er lokaliserte), Hoon Hay, Spreydon, Cracroft, Cashmere, Beckenham, St Martins, Opawa, Woolston og Ferrymead.

Elva renn ut i Avon Heathcote-estuaret før ho tømmer seg i Pegasus Bay.

Før-europeisk busetjing og namngjevingEndra

Det opphavlege namnet til denne elva var Ō-pa-waho, som tyder «staden til den framskotne pāen», eller «utposten», og viser til denne pāen som ein utpost (maori waho) til Kaiapoi. Pāen var bygd i høgreliggjande lende, like nedstraums for den noverande brua, Opawa Road Bridge. Han var ein kvilestad for Ngāi Tahu-folk som reiste mellom Kaiapoi og Horomaka (Banks Peninsula). Området omkring var ein viktig stad for matsanking (mahinga kai), ei kjelde for mengder av føde, særleg tuere (slimål) (Eptatretus cirrhatus) og kanakana (niauga).

Historisk slynga elva seg gjennom utbreidde våtmarker, før urbaniseringa tok til. Historiske oppmålingskart frå midten av det 19. hundreåret, dei såkalla «Black Maps», viser at landet som elva rann gjennom var rikt på plantar som Phormium tenax (harakeke), Cortaderia fulvida(toetoe), Typha orientalis (raupo), Coriaria (tutu) og bregnar og var oversådd med australdakelilje (Cordyline australis, ti kouka).

Elvefaret var lågtliggjande og svært vått. Når Waimakaririelva steig og fløymde over slettene, vart endå høgareliggjande land utsett for flaum. Gjennom mange hundreår der elva vart brukt både som kjelde for mat og transportveg, fekk iwiane Waitaha, Kāti Mamoe og Ngāi Tahu eit nært tilhøve til denne ressursen. Sumpskogen langs elva var tilhaldsstad for sjø- og skogsfugl. Feller vart regelmessig sett ut etter inanga (fiskeyngel), pātiki (flyndre), og ferskvassål (Anguilla dieffenbachii)[3].

Heathcote-elva har fått namn etter sir William Heathcote, sekretær i Canterbury Association.

 
Heathcote-elva i Beckenham.

LitteraturEndra

ReferansarEndra

  1. Ōpāwaho (Heathcote River), Christchurch City Libraries, New Zealand.
  2. [1] Mid-Heathcote River Masterplan,part 1, side 4.
  3. [2] Mid-Heathcote River Masterplan, del 2, side 4-5, 7.

Koordinatar: 43°33′28″ S 172°42′31″ E