Sommers

(Omdirigert frå Sommarö)

Sommers (russisk Соммерс, finsk Someri, svensk Sommarö) er ei øy og eit fyr aust i Finskebukta, utanfor Viborgbukta, om lag 19 km sør for Virolahti i Finland.

Sommers

Sommers i 2007. Fyret er Sommers in 2007. Fyret er fakgverkkonstruksjonen, medan dei andre konstruksjonane er antenner og radarmaster.
StadPå eit skjer utanfor Viborgbukta i Russland
Koordinatar60°12′N 27°39′E / 60.200°N 27.650°E / 60.200; 27.650
Fyrtårn
FormFagverk
ByggjematerialeStål
Fyrlys
Lyskarakter2 blink kvart 10. sekund
Lyshøgd53 moh.
Kart
Sommers
60°12′26″N 27°38′34″E / 60.2073°N 27.6428°E / 60.2073; 27.6428

Fyret står på eit skjer, som ligg om lag 16 meter over havet. Det første fyret på øya vart bygd i 1808 og denne konstruksjonen var av murstein som var kalka kvit og som var om lag 5 meter høgt. Lyskjelda vart modernisert i 1866 og fyret vart bygd 8 meter høgare. Fyret fekk eit linsesystem av 3. klasse og mekanikk som fekk oljelampa til å rotere.

Fyrvaktarane levde her med familiane sine i eit trehus ved sidan av fyret. Ein tåkelur vart bygd på andre sida av øya på byrjinga av 1900-talet. Den russiske hæren starta å bygge forsvarsverk på øya då den første verdskrigen braut ut, men ingen av desse vart ferdigstilt. I 1918 bemanna det finske losvesenet fyret.

Fyret vart øydelagd før vinterkrigen og personellet vart evakuert. Nyårsaftan 1941-1942 var ein finsk styrke på 100 mann stasjonert på øya sidan ho hadde ein strategisk posisjon. Sovjetarane ønskte òg øya og 8. juli 1942 gjekk dei til åtak på ho med mindre fartøy og fly. Dei klarte å få fotfeste på austsida av øya, men med artilleristøtte frå øya Ulko-Tammio (om lag 19 km nordvest for Sommers) klarte finnane å drive sovjetarane bort 9. juli.

Etter fredsavtalen i 1944 vart øya gjeve til Sovjetunionen, som òg bygde det noverande fagverkfyret som står der i dag. Lyshøgda ligg 57 meter over havet og har eit lys som blinkar to gonger kvart tiande sekund. Det er òg fleire bygg og radarmaster på øya.

Kjelder endre