Sommardag
Sommardag, sommarnatt, sommarmål eller sommarmålsdag i folketrua vert rekna som 14. april, den første dagen i det nordlege sommarhalvåret. Dette er ein av merkedagane som er førkristen og folkeleg.
På primstavane finn vi oftast eit tre med lauv. På Vestlandet og i Valdres var det heilt opp mot nyare tid arbeidsforbod, medan sommardagen i andre bygdelag var halvhelg. På Austlandet åt ein sommargraut. I ytre Hordaland var sommardagen første sådag, og i store delar av Sør-Noreg flyttedag for tenarar. Som vêret var denne dagen skulle det verte i tre veker i Beitestad eller sju veker i Verdal. Over heile landet var frost og snø varsel om ein dårleg og kald vår, medan ein varm sommardag spådde god sommar. Som vêret var sommardagen, vart avlingane om hausten i Gudbrandsdal. Ein klår sommardag tydde godt år i Seljord.
I meteorologien
endreI meteorologien er sommardag ein dag med maksimumstemperatur over 25 °C. I Norden nyttar ein ei grense på 20 °C (maksimumstemperatur) som definisjon på ein nordisk sommardag.
Kjelder
endre- «sommerdag» i Store norske leksikon, snl.no.