Seljord
tettstad i Seljord kommune
Seljord er ein tettstad og administrasjonssenter i Seljord kommune i Telemark-området i Vestfold og Telemark fylke. Tettstaden har 1 437 innbyggjarar per 1. januar 2017 og er handels- og sørvissenter for kommunen, men i nokon mon også for heile Vest-Telemark.
Seljord | |||
tettstad | |||
Seljord kyrkje frå 1180
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Kommune | Seljord | ||
Areal | 2,2 km² | ||
Folketal | 1 437 (2017) | ||
Folketettleik | 653 / km² | ||
Postnummer | 3840 SELJORD | ||
Innbyggjarnamn | seljording | ||
Preposisjon | i Seljord | ||
![]() Seljord | |||
Wikimedia Commons: Seljord (town) | |||
Seljord er kjend for «Dyrsku'n», eit fesjå som har vore halde på plassen årleg sidan 1866.
Av institusjonar på staden kan nemnast Seljord Folkehøgskule og ei avdeling av Bø vidaregåande skule.
KommunikasjonarEndra
Seljord ligg ved nordenden av Seljordsvatn, omtrent 30 kilometer nordvest for Bø ved krossen mellom riksveg 36 og E 134. Bussekspressar har ruter til Notodden-Oslo, Bergen og Skien-Porsgrunn-Tønsberg. Det går òg bussruter går til Kviteseid-Fyresdal og Arendal.
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling i Seljord | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1950 | 511 | |||
1960 | 592 | |||
1970 | 961 | |||
1980 | 1 430 | |||
1990 | 1 328 | |||
2000 | 1 137 | |||
2009 | 1 223 | |||
2012 | 1 278 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
SeljordingarEndra
- Ronny Kjosvold Råmunddal (d. 2019), karate-utøvar, -organisator og -trenar[1]
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- ↑ Arven etter Ronny. NRK. Vitja 25. februar 2020
- «Seljord – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.