Sonata da camera
Sonata da camera (italiensk for «kammersonate») er ei gruppe instrumentale sonatar som er delt inn i tre eller fire satsar. Dei starta med eit preludium, eller ein liten sonate, som fungerer som ein introduksjon til dei neste satsane, som ofte gjerne var dansar. .
Uttrykket sonata da camera kom frå Roma på slutten av 1600-talet då Arcangelo Corelli komponerte to forskjlellige variasjonar av ein sonate. Desse vart kjend som sonata da camera og sonata da chiesa. Dei mest brukte instrumenta i sonata da camera var to fiolinar og ein bass. Dette vart òg kalla ein triosonate, sidan han bestod av tre hovuddelar. Stundom måtte ein derimot han ein fjerde utøvar (vanlegvis ein cellist) til å spele basso continuo-linja.
Etter 1700 vart skilnadane mellom sonata da camera og the sonata da chiesa mindre og mindre tydlege og dei glei etter kvart i hop.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sonata da camera» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2010.