Soneren er ein innsjø som ligg i Sigdal kommune i Buskerud. Elva Simoa renn inn i og ut av innsjøen, som òg har tilløp frå Eidalselva og Horga.

Soneren
innsjø
Soneren med fjellet Andersnatten i bakgrunnen.
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Sigdal
Høgd over havet 103 moh.
Areal 6,49 km²
Kystlengd1 19,98 km
Koordinatar 60°03′42″N 09°32′40″E / 60.06167°N 9.54444°E / 60.06167; 9.54444
Kart
Soneren
60°03′42″N 9°32′40″E / 60.061667°N 9.544444°E / 60.061667; 9.544444
Wikimedia Commons: Soneren
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Soneren har fått ein plass i norsk kunsthistorie. Biletkunstnaren Theodor Kittelsen valde å bygge heimen sin Lauvlia på ei tomt like ved. Frå atlierevindauget sitt hadde han storarta utsikt til fjellet Andersnatten, som speglar seg i vatnet. Dette motivet måla han om og om igjen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.