Every Day I Have to Cry

Every Day I Have To Cry
Singel av Bee Gees
B-side

«You Wouldn't Know»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1965
Innspelt Februar 1965
Festival Studios, Sydney
Sjanger Pop, rhythm and blues, rock and roll
Lengd 2:05
Selskap Leedon
Komponist Arthur Alexander
Tekstforfattar Arthur Alexander
Låtskrivar(ar) Arthur Alexander
Bee Gees-kronologi 
«Turn Around, Look at Me»
(1964)
Every Day I Have To Cry «Wine and Women»
(1965)


«Every Day I Have to Cry», òg kalla «Every Day I Have to Cry Some», er ein song skriven av Arthur Alexander og først spelt inn av Steve Alaimo i 1962. Songen er blitt spelt inn av mange artistar gjennom åra, men Alexander spelte ikkje inn sin eigen versjon før 1975. Hans versjon nådde 45. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.[1] Ingen av dei andre versjonane nådde topp 40 i USA.[2]

Bee Gees-versjonen

endre

Bee Gees spelte inn «Every Day I Have to Cry» som tenåringar i Australia. Denne versjonen vart spelt inn i Festival Studios i februar 1965 og markerte to viktige hendingar for gruppa. Det var første gong Robin Gibb song solo og Maurice Gibb spelte orgel.[3] Innspelinga vart gjeven ut med B-sida «You Wouldn't Know», skriven av Barry Gibb og seinare gjeven ut på The Bee Gees Sing and Play 14 Barry Gibb Songs.

Andre versjonar

endre
Artist År Album Merknad
Steve Alaimo 1962 Every Day I Have To Cry
Julie Grant 1964
Dusty Springfield 1964 I Only Want to Be With You, EP
Claude François 1964 Maman chérie, EP på fransk som Chaque jour c'est la même chose
Bee Gees 1965 gjeve ut som singel berre i Australia
The Gentrys 1965 singel
The McCoys 1966 You Make Me Feel So Good
Ike and Tina Turner 1966 River Deep Mountain High produsert av Phil Spector
Johnny Rivers 1966 ...And I Know You Wanna Dance
Bob Luman 1969 Gettin' Back to Norma Peaked at #23 on the US Country Charts
Arthur Alexander 1975
Joe Stampley 1977 Saturday Nite Dance #14 Country
Jerry Lee Lewis 1979
Eddy Mitchell 1979 C'est bien fait Adapted in French as «Tu peux préparer le café noir"
Debby Boone 1980
Graham Parker 1994
C.J. Chenier 1996

Kjelder

endre
  1. Alexander, Arthur, The Greatest, Ace Records, London, 2006, liner notes
  2. Whitburn, Joel, ‘’The Billboard Book of Top 40 Hits’’, Billboard Books, NY 1992
  3. Joseph Brennan. «Gibb Songs: 1965». 

Bakgrunnsstoff

endre