Songen Guadalajara

«Guadalajara» er ein kjend mariachisong skriven av Pepe Guízar i 1937.[1][2] Guízar skreiv songen til ære for heimbyen, byen med same namn som songen og statshovudstad i den mexicanske staten Jalisco.

VersjonarEndra

Songen vart først popularisert av Lucha Reyes, ein mexicansk songar frå Guadalajara og vert ofte rekna som «mora til ranchera-musikken».[2]

I 1940-åra spelte den mexicanske songaren Irma Vila inn songen og song han i musikalfilmen Canta y no llores... (1949).[3] Utgåva hennar vart seinare nymastra og gjeven ut på samlealbumet Irma Vila, La Reina del Falsete: Todos sus éxitos.

Tiddleg i 1950-åra spelte den mexicanske songaren Flor Silvestre inn songen for Columbia Records. Versjonen hennar vart ein suksess og vart gjeven ut på to samlealbum, Canciones mexicanas, vol. 1[4] og Flor Silvestre canta sus éxitos (1964).

Demetrio González, ein spansk fødd songar som song mexicansk musikk, framførte songen i filmen Los cinco halcones (1962).[5][6]

Ei av dei mest populære tolkingane utanfor Mexico vart gjort av Elvis Presley i den siste scenen i filmen Fun in Acapulco (1963).[7] Andre versjonar utafor Mexico vart mellom anna gjort av Nat King Cole[8] på albumet hans More Cole Español (1962),[9] Percy FaithViva the Music of Mexico (1958),[10] og Desi ArnazThe Best of Desi Arnaz Mambo King.[11] Andre kjende mexicanske versjonar er av Rafael Jorge Negrete[12] og Vicente Fernández.[13]

KjelderEndra

  1. Catalog of Copyright Entries: Musical compositions, Part 3. Library of Congress, Copyright Office. 1938. s. 289. Henta 10 January 2015. 
  2. 2,0 2,1 Burr, Ramiro (1999). The Billboard Guide to Tejano and Regional Mexican Music. Billboard Books. s. 178, 222. ISBN 0823076911. Henta 10 January 2015. 
  3. «Irma Vila «Guadalajara» (1949)». YouTube. Henta 29. november 2016. 
  4. «Canciones Mexicanas. Vol. 1». WorldCat. Henta 29. november 2016. 
  5. Demetrio González: Guadalajara at YouTube
  6. Los cinco halcones at IMDb
  7. Elvis Presley: Guadalajara at YouTube
  8. Nat King Cole: Guadalajara at YouTube
  9. NKCDiskografi[daud lenkje] at Classic TV Info.com
  10. Product info at CD Universe.com
  11. Product info at CD Universe.com
  12. Rafael Jorge Negrete: Guadalajara at YouTube
  13. Vicente Fernández: Guadalajara at YouTube

BakgrunnsstoffEndra