Songen Light of Love

Light of Love
Singel av T. Rex
frå albumet Bolan's Zip Gun
B-side

Explosive Mouth

Utgjeve 13. juli 1974
Sjanger Glamrock
Lengd 3:17
Selskap EMI (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Marc Bolan
T. Rex-kronologi 
«Teenage Dream»
(1974)
Light of Love «Zip Gun Boogie»
(1974)


«Light of Love» er ein song frå 1974 av den britiske glamrock-gruppa T. Rex. Songen kom ut på albumet Bolan's Zip Gun og på ein eigen singel. B-sida til singelen var «Explosive Mouth», frå albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow frå 1974. I USA kom begge songane ut på det amerikanske albumet Light of Love. Rolling Stone-skribenten Ken Barnes likte den «livlege og økonomiske» stilen på songen i ei melding frå 1974 og hevda at songen var «frisk og attraktiv».[1]

«Light of Love» vart produsert av Marc Bolan og var den første T. Rex-singelen som ikkje var produsert av Tony Visconti.

Singelen låg på den britiske singellista i alt fem veker og nådde 22. plassen,[2] og er kjend som den første T. Rex-singelen som ikkje nådde topp 20. Songen vart nytta under rulleteksten til Vince Vaughn-filmen Delivery Man (2013).

Kjelder endre

  1. Barnes, Ken. «Light of Love». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 16. juli 2021. 
  2. Official UK Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/t.%20rex/ Henta 1. januar 2014