Long Live Love av Olivia Newton-John

(Omdirigert frå Songen Long Live Love)
Long Live Love
singel av Olivia Newton-John
frå albumet Long Live Love
Språk engelsk
Utgjeve 1974
Sjanger pop
Selskap Pye Records
Låtskrivar(ar) Valerie Avon & Harold Spiro
Olivia Newton-John-kronologi 
Take Me Home, Country Roads
(1973)
Long Live Love I Honestly Love You
(1974)


«Long Live Love» var den britiske songen i Eurovision Song Contest 1974 i Brighton i Storbritannia. Han vart sungen av Olivia Newton-Johnengelsk.

Songen er skriven av Valerie Avon og Harold Spiro, som hadde arbeidd i lag som låtskrivarar for Belwin Mills Publishing sidan 1970. «Long Live Love» var den tredje songen Avon og Spriro hadde skrive for den britiske Eurovision-finalen.

Sidan 1964 hadde norma i A Song For Europe vore at alle nominerte songar vart framført av ein enkelt artist som vart vald ut av BBC-TV og Olivia Newton-John vart songaren dette året. Songen enda på delt 4. plass i finalen.

Newton-John spelte inn både denne songen og dei andre songane ho hadde sunge i den britiske finalen for albumet Long Live Love som kom ut i desember 1974. I Storbritannia gjekk singelen inn på singellista og nådde 11. plass der, og 9. plass i Irland. Songen nådde òg 11. plass i heimlandet Australia.

Lister endre

Liste (1974) Plassering
Australian ARIA Singles Chart 11
Ireland Top Singles Chart 9
UK Singles Chart 11

Kjelder endre

Mal:Eurovision Song Contest 1974