Songen Please Please Me

«Please Please Me»
Singel av The Beatles
frå albumet Please Please Me
B-side

«Ask Me Why»
«From Me to You» (Vee-Jay 581)

Språk engelsk
Utgjeve 11. januar 1963
Innspelt 26. november 1962
Sjanger Beat
Lengd 2:04
Selskap Parlophone R4983 (UK)
Vee-Jay VJ498 (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Love Me Do»
(1962)
«Please Please Me» «From Me to You»
(1963)


«Please Please Me» er den andre singelen til The Beatles og den første som vart gjeven ut i USA. Det var òg tittelsporet på det første albumet deira, som vart spelt inn for utnytte den store suksessen som singelen fekk.[1] Det var opphavleg ein song av John Lennon,[2][3][4] men den endelege forma til songen var kraftig påverka av George Martin.[5]

Singelen vart første gjeve ut med «Ask Me Why» som B-side, men selde ikkje særleg bra i USA. Då han vart gjeven ut på ny 3. januar 1964 med «From Me to You» som B-side) nådde han tredjeplassen på den amerikanske Hot 100.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 184. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Komposisjon endre

George Martin har uttalt at den originale utgåva av songen var «heller keisam», for treig og hadde få utsikter til å verte den store hitten som bandet ønskte. John Lennon skreiv først songen som ein blues-aktig, treig song inspirert av Roy Orbison sin «Only The Lonely» og ein Bing Crosby-song som hadde tekstlinja «Please lend a little ear to my pleas».[5] Opphavleg hadde ikkje songen harmonivokalane eller munnspel-introen. Då Martin først høyrde songen bad han bandet om å gjere store endringar med han, mellom anna å auke tempoet.[5] Då dei tok songen i studio 26. november 1962 hadde arrangementet vorte kraftig endra og det tok 18 forsøk før George Martin meinte at dei hadde det som kom til å verte den første store hitten deira.[6]

Amerikansk utgjeving endre

Come on, come on, come on, come on,
Please please me oh yeh like I please you.

Lennon/McCartney

Capitol Records, EMI sitt amerikanske selskap, fekk tilbodet om å gje ut «Please Please Me» i USA, men avslo tilbodet.[7] Det same gjorde Atlantic.[7] Til slutt tok Vee-Jay Records frå Chicago imot tilbodet.[7] Den eksakte datoen som singelen vart gjeve ut i USA var i fleire tiår ukjend, men etter gransking i 2004 fann ein ut at det skjedde 7. februar 1963.[8] Songen vart spelt noko på radio i Chicago-området og selde bra her, men elles i landet gjekk det trått.

Etter at det hadde vorte vist eit fjernsynsinnslag av dei hysteriske Beatles-tilstandane i Storbritannia var Vee-Jay raskt ute med å gje ut «Please Please Me» på ny den 3. januar 1964.[9] Dei valde då å endre B-sida til «From Me to You», som hadde vore ein liten hit for Del Shannon i 1963.

Denne gongen vart «Please Please Me» ein massiv hit og gjekk til slutt til topps på Billboard Hot 100-lista den 14. mars 1964. Han var ein av songane som låg på Topp 5 på same lista den 4. april dette året, då Beatles heldt alle dei fem øvste plassane.[9]. Det vart seld minst 1,1 millionar eksemplar av singelen denne andre gongen..[9]

Medverkande endre

Lydteknikar var Norman Smith

Personell per Ian MacDonald[10]

Kjelder endre

  1. Philip Norman (1993). Shout!. London: Penguin Books. s. 169. ISBN 0-14-017410-9. 
  2. Ian MacDonald (1998). Revolution in the Head. London: Pimlico. s. 55. ISBN 0-7126-6697-4. 
  3. Bill Harry Bill Harry (1992). The Ultimate Beatles Encyclopedia. London: Virgin Books. s. 528. ISBN 0-86369-681-3. 
  4. Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 91. ISBN 0-8050-5249-6. 
  5. 5,0 5,1 5,2 The Beatles (2000). The Beatles Anthology. London: Cassell& Co. s. 90. ISBN 0-304-35605-0. 
  6. Mark Lewisohn (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. s. 23. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Bruce Spizer (2004). The Beatles Are Coming! The Birth of Beatlemania in America. New Orleans: 498 Productions. s. 14. ISBN 0-9662649-9-1. 
  8. >Bruce Spizer (2004). The Beatles Are Coming! The Birth of Beatlemania in America. s. 15. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Bruce Spizer (2004). The Beatles Are Coming! The Birth of Beatlemania in America. s. 90. 
  10. MacDonald 2005, s. 62.