Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg

Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg, Sophie Amalie av Danmark-Noreg (24. mars 162820. februar 1685)[1] var dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskapet sitt med Fredrik III.

Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg

Fødd24. mars 1628
FødestadHerzberg am Harz
Død20. februar 1685
DødsstadKøbenhavn
GravstadRoskilde domkyrkje
Gift medFredrik III av Danmark-Noreg
DynastiHuset Welf
FarGeorg
MorAnne Eleonore av Hessen-Darmstadt
BornPrins Jørgen, Kristian V av Danmark-Noreg, Anna Sophie av Danmark, Frederikke Amalie, Vilhelmine Ernestine, Ulrika Eleonora av Danmark, Frederik Oldenburg, Dorothea Oldenburg
Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg. Olje på kopar av Abraham Wuchters

Sophie Amalie og Fredrik gifta seg i 1643.[1] Ekteparet fekk fleire born; Kristian, tronfølgjar og seinare Kristian V, Anna Sophie, gift med kurfyrst Johan Georg III av Sachsen, Frederikke Amalie, gift med hertug Christian Albrecht av Holstein-Gottorp, Vilhelmine Ernestine, gift med kurfyrst Karl av Pfalz, Jørgen, som under namnet George vart gift med prinsesse og seinare dronning Anne av Storbritannia og Ulrika Eleonora som vart gift med Karl XI av Sverige.

Sophie Amalie er gravlagd i Roskilde domkyrkje.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Sophie Amalie (1628 - 1685) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon

Litteratur

endre
  • Steffen Heiberg (2004). Danske dronninger i tusind år, s. 56–59. Gyldendal, København (dansk). ISBN 87-02029-46-4.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg
  Denne Danmarkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.