Koordinatar: 55°38′33.720″N 12°4′47.629″E

Roskilde domkyrkje, eller Roskilde Domkirke på dansk, ligg i Roskilde i Danmark. Ho er den mest sentrale kyrkja i landet fordi ho er gravkyrkja for dei danske regentane og har vore det frå 1400-talet til i dag. Kyrkja har gravene til 39 kongar og dronningar.[3]

Roskilde domkyrkje
domkyrkje
none
Land Flag of Denmark.svg Danmark
Region Sjælland
Kommune Roskilde
Lengd 86 m
Høgd 114 m
Teknikk Mur
Innvigd Midten av 1200-talet
 - Vigd til Sankt Lucius
 - Endringar ved Lorenz van Steenwinckel, Hans van Steenwinckel den yngre, C.F. Harsdorff, C.F. Hansen, Andreas Clemmensen, Vilhelm Wohlert og Johannes og Inger Exner
Tårn 2 tårn, dobbelttårnet frå ca. 1400
Takryttar Margretespiret frå 1400-talet, fornya i 1999
Skip midtskip og to sideskip
Preikestol Av Hans Brockman i sandstein og alabast frå 1609
Døypefont Malmstøypt frå 1602
Altartavle Altartavle frå ca. 1560
Orgel Raphaëlisorgel (hovudorgel) og tre andre
Sitjeplassar 1500[1]
Diverse Kyrkja har gravene til 39 kongar og dronningar
Innskrive ved UNESCOs 19. sesjon i 1995 som verdsarvstad

[2]

Wikimedia Commons: Roskilde Cathedral

Domkyrkja er i dag ei luthersk domkyrkje med tilknytning til Folkekirken, hovudkyrkje for Roskilde stift og vart betrakta som ein nasjonal heilagdom.

I 1995 vart kyrkja teken med på UNESCO si verdsarvliste mellom anna på grunn av sin meisterlege arkitektur, kunstnariske utsmykking og historiske betyding.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Tidlegare kyrkjerEndra

Harald Blåtann skal ha reist eit kyrkje i treverk på 900-talet. Detaljane om denne er elles ikkje kjend.[4] Den eldste kyrkja på staden ein har funne sikre spor etter, er ei steinkyrkje bygd av Sven Normand, biskop av Roskilde frå 1074 til 1088. Byen hadde allereie vore bispesete i kring eit halvt hundreår. Det er mogleg at den fyrste domkyrkja låg på same staden. Utgravingar i 1892 gjorde det mogleg å kartleggje mykje av Normand si kyrkje.

Noverande kyrkjeEndra

Ein byrja å byggja den noverande kyrkja i andre halvdelen av 1100-talet, truleg i 1170-åra. Kyrkja er i utgangspunktet i ein seinromansk stil, men det er sterk påverking frå tidleg nordfransk gotikk. Det er tre kyrkjeskip med kort, tredelt tverrskip, kor og apsis med korgang. Materialet er teglstein.

Biskop Absalon var fosterbror og alliert med Valdemar den store, og kort tid etter at Absalon vart utnemnt til biskop i Roskilde i 1158, starta han å bygge om Nordmand si steinkyrkje. Det var vanleg at ein bygde utanpå den opphavlege bygningen og slik har det også skjedd her. Først bygde ein på koret og apsisen på austsida av den gamle kyrkja. Den nye kyrkja var planlagt som ei granittkyrkje, men ettersom teknikken med teglstein hadde vorte introdusert til Danmark i 1160, vart det endra på prosjektet og rundt 1170 starta ein å reise ei teglsteinskyrkje på fundamenta av granitt.[5]

Etter planane skulle byggverket bli ein katedral med tre skip og med eit tverrskip ved koret. Arbeidet gjekk framover og då Absalon døydde i 1201, stod apsisen og koret ferdig.

Tverrskipet blei aldri ferdigstilt slik det var planlagt. Bygginga blei forandra og tverrskipa vart i staden til flate krossarmar. Dei enda i ein spiss avslutta gavl i gotisk stil. I perioden 1225–1250 gjorde ein seg ferdig med kyrkja og ho framstod som ein gotisk katedral med langhuskor og kvelv. Då ein var komen så langt, blei den gamle travertinkyrkja riven.

Det skulle gå lang tid før kyrkja stod ferdig med sine dobbelttårn slik som no, men på byrjinga av 1400-talet var det meste på plass. Kyrkja har tre skip, sideskip i to etasjar og eit heva høgkor.

Dei slanke vesttårna blei reist på initiativ av Kristian IV så seint som i 1635. Margretespiret blei reist av Erik av Pommern ca. 1420 og har vore utsett for fleire ulukker. Det brann under ei restaurering, men vart sett opp på nytt att.

InnvendigEndra

AltartavlaEndra

 
Altartavla i Roskilde domkyrkje er eit triptyk med fløyer som kan opnast og lukkast etter som det er heilagdag eller kvardag.

Altartavla er i renessanse og er eit biletskjerararbeid av høg kunstnarisk kvalitet. Ho er laga i Antwerpen om lag 1560. Ho skulle etter myten eigentleg til byen Danzig, det noverande Gdansk i Polen. Då frakteskipet passerte Øresund, vart det oppgjeve ein særs låg verdi. Ein ynskte å betala minst mogleg toll. Tollarane tillét seg då å kjøpa altartavla til den oppgjevne prisen på vegne av kongen.[6][7] Ein variant av historia er at tavla vart kjøpt inn direkte i Antwerpen av Herluf Trolle, som på denne tida var eigar av Herlufsholm, det seinare Frederiksborg slott.[7] Ein kan ikkje bekrefte desse historiene og dei er dermed å rekne som myter.

Altartavla er omtala første gong i ei reiseskildring av Christian av Anhalt i 1623.[7]

Fleire plassar på tavla kan ein sjå små merke brent inn; desse viser ei enkelt arm eller hand eller to hender over ein bygning med tre tårn. Det siste er Antwerpens byvåpen og merka er biletskjerarlauget sitt godkjenningstempel.[8] Altartavla er bygd som eit skap med fløyer som kan opnast og lukkast etter som det er heilagdag eller kvardag. Relieffa i første stand skildrar Jesu lidingshistorie i midtskapet og fløyene, i predellaen kan ein sjå scener frå Jesu barndom.[9]Altartavla er gjort av eik og nesten heilt dekt av bladgull.[10]Fleire plassar er det måla oppå gullet, eller skrapa ut små mønster for å få fram detaljar i uttrykket.[10] Tavla vart restaurert kring 1970.

Altartavla måler 435 x 300 cm ved midtpartiet.[9]

Korstolar, døypefont og preikestolEndra

Korstolane er frå byrjinga av 1400-talet og skorne ut ved ein av snikkarverkstadene i Roskilde.[11]Dei var ei gåve frå biskop Jens Andersen Lodehat. Stolane har ei inskripsjon kor ein kan lese at dei er laga til minne om dronning Margreteog slektningen til biskopen, biskop Peder Jensen Lodehat.

Koret blei bygd om og utvida med fleire meter mot vest. Ein ynskja å skape ei særprega ramme rundt grava hennar Margrete og korstolane blei plassert i høgkoret i U-form som var lukka i vest og ope mot høgaltaret i aust. I tillegg til korstolane plasserte ein fire lesepultar på skrå overfor gravmonumentet.[12]

Sjølve korstolane er laga slik at dei skulle gje mest mogleg kvile under gudstenesta som kunne gå for seg i fleire timar og kor kannikane måtte reise seg opp og ned, alt etter kva ritualet kravde. Over kvar av stolane er skorne motiv frå Bibelen.[6] Opphaveleg var korstolane måla og ein kan framleis finne att nokre restar av måling.

Oppstillinga av korstolane blei endra rundt 1690 koret vert opna opp og dei 48 setene har sida vore plassert med 24 på kvar side.

Døypefonten er støypt av malm og sjølve kummen vert halden oppe av evangelistane. Døypefonten er frå 1602 og var ei gåve frå Frederik Godske og Jacop Wind; årstal og våpen er ført på fonten.[13] Rundt døypefonten er ei innskrift på latin der det står; Den som trur og vert døypt, skal verte frelst. Men den som ikkje trur, skal verte fordømd. (Frå Markus 16, v.16)[13]

Òg preikestolen er eit verk frå renessansen. Den er laga av sandstein og alabast og har detaljar av ljos italiensk og svart belgisk marmor. Preikestolen er eit arbeid av den danske steinhoggaren Hans Brockman og vert ferdig i 1609.[11][14] Preikestolen er ei gåve frå Kristian IV.[6]

HovudorgelEndra

 
Pipeorgelet der dei eldste delane er frå midt på 1400-talet. Ryggpositivet er frå 1554 og er konstruert av orgelbyggjaren Herman Raphaëlis Rottensten-Pock.
Foto: Nils Jepsen

Orgelet i kyrkja vert ofte kalla Raphaëlisorgelet og dei eldste delane er frå midt på 1400-talet. Ryggpositivet er frå 1554 og er konstruert av orgelbyggjaren Herman Raphaëlis Rottensten-Pock.[6] Orgelet har dekorasjonar i barokk som kjem frå ei ombygging ved Gregor Mülisch i 1654.[15]

Det er mogleg at orgelbyggjaren Johan Lorentz d.e. stod for ei ombygging av orgelet fram mot 1650 då han døydde. Oppgåva blei ført vidare av Gregor Mülisch og moglegvis Peter Karstensen. Det har ein inskripsjon med årstalet 1654.[16][17]

Seinare har orgelet gått gjennom fleire ombyggingar og utvidingar; ved Marcussen & Søn i 1833 og 1991 og ved TH. Frobenius og Sønner Orgelbyggeri i 1926 og 1957. Orgelet har 33 stemmer.[18]

 
Kororgelet frå 2000
Foto: FaceMePLS
 
Evangelisten Johannes
Foto: Orf3us


 
Sankt Georg med dragen, Kirsten Kimers og Per Døver.
Foto: Chad Kainz
Disposisjon
I Ryggpositiv CDE–g3
Gedact 8′
Principal 4′
Gedact 4′
Octava 2′
Salicional 2′
Sedecima 1′
Sesquialtera II
Mixtur III
Hoboy 8′
Tremulant
II Hovudverk CDEFGA–c3
Bordun 16′
Principal 8′
Spitzflöjt 8′
Octava 4′
Rohrflöjt 4′
Nassath 22/3
Super Octava 2′
Mixtur IV–V 11/3
Trompet 8′
III Brystpositiv CDEFGA–c3
Gedact 8′
Gedactflöjt 4′
Octava 2′
Waltflöjt 2′
Sedecima 1′
Regal 8′
Geigen Regal 4′
Pedal CDE–d1
Principal 16′
Octava 8′
Gedact 8′
Octava 4′
Mixtur IV 2′
Posaun 16′
Trompet 8′
Schalmei 4′
Tremulant
  • Koppler: II/I, II/II, I/P, II/P.
  • Tillegg: Tremulant, Cymbelstjerne, Fuglesang, Calcantklokke.

Øvrige orgelEndra

I tillegg til hovudorgelet har domkyrkja tre andre orgel, desse blir kalla kororgel, korpositiv og øvingsorgel. Alle er bygd av Marcussen & Søn i 2000. Kororgelet har 15 stemmer, korpositivet 3 1/2 stemme og øvingsorgelet 7 stemmer.[18]

UretEndra

Over inngangen kan ein sjå eit mekanisk urverk laga kring 1500. Urskiva har 2 x 12 timar og har kun ein visar med henholdsvis sol og måneprofil. På ei hylle over sjølve urverket er figurar som røre på seg kvar heile time. Ein kan sjå Sankt Georg til hest med dragen, Kirsten Kimers og Per Døver. Kvar time angrip Sankt Georg dragen som på si side går i gang med å skrike. Kirsten slår deretter kvarterslag på klokka si og Per Døver slår timeslag og Kirsten Kimers riste på hovudet.[19]

Kirsten Kimers og Per Døver er frå tida like før år 1500, skore i tre og er måla i gilde fargar. Sankt Georg er noko eldre og kan ha høyrt til eit tidlegare altar, det har moglegvis vore satt saman med uret etter reformasjonen. Verket som driv uret er plassert i søndre tårn og har tre verk. Verket blei laga av urmakar Peter Mathiesen frå København i 1741.[19]

JohannesfigurenEndra

I bogeopninga inn til Sankt Birgittes kapell står ein 193 cm høg treskulptur i eik. Figuren framstiller evangelisten Johannes. Han er utan skjegg og har langt hår med krøllar. Han er kledd i ein fotsid kjortel og er utan sko eller sandalar. I venstre handa held han ein kalk og med den høgre velsignar han kalken. Ved fotenden på høgre side står ein ørn på ei bok. Ørnen er Johannes` evangelistsymbol.

Figuren er frå ca. 1500 og er attribuert både Bernt Notke og Henning von der Heide. [20]

KalkmåleriEndra

 
Kalkmåleri i Helligtrekongers kapell også kalla Christian Is kapell. Måleria viser Jesus som ber krossen på Via Dolorosa.
Foto: KDLarsen

Roskilde domkyrkje er rikt utstyrt med kalkmåleri frå fleire periodar. Kalkmåleria rundt pilarane ved høgkoret er frå 1570-åra og markerer dei eldste gravstadene i kyrkja.

I nordre del av sideskipa er det måleri frå rundt 1225 som mellom anna viser Jesus på himmeltrona.

Nokre av dei viktigaste måleria finn ein i Helligtrekongers kapell.[11] Dei viser mellom anna Sankt Olav, Knut den heilage, Sankt Antonius, Sankt Nikolai og Sankt Kristoffer. Måleria er frå 1460-talet.

Vernehelgenar for kapellet er dei heilage tre kongar og sørveggen er vigd framstillinga av dei. På austsida kan ein sjå våpenskjolda til dei som grunnla kapellet, Kristian I og dronninga hans.

Sankt Birgittes kapell og Sankt Andreas kapell er frå mellomalderen og her er fleire kalkmåleri som er tidfesta til 1511.

GraveneEndra

Sidan reformasjonen i 1536 har alle danske kongar og nesten alle dronningane vorte gravlagde i Roskilde domkyrkje. Kyrkja inneheld ifølgje gravskriftene også nokre kongegraver frå vikingtida. Både Harald Blåtann og oldebarnet Svein Estridssons graver skal vere i to søyler i koret. Grava til Svein Estridsson har vorte opna og det er gjort DNA-analysar,[21] men Harald Blåtann er ikkje funnen.

Det er fire kongelege gravkapell knytt til domkyrkja; Christian Is eller Helligtrekongers kapell frå ca. 1460, Christian IVs kapell frå ca. 1620, Frederik Vs kapell frå ca. 1775 og Christian IXs eller Det Glücksborgske kapell frå 1925. I tillegg kjem Frederik IXs gravplass frå 1985 som ligg utanfor sjølve domkyrkja. I tillegg til gravkapella er koret nytta som gravplass og her ligg mellom anna Margrete I.

I koretEndra

Innskrift på blykista til Margrete

I Herrens år 1412 på de hellige apostles Simons og Judas`dag døde den højst navnkundige fyrstinde og frue, fru Margrete, fordum rigerne Danmarks, Sveriges og Norges dronning, og det følgende år den 4. juli blev hun begravet her. Da hele efterverdenen ikke evner at hædre hendes minde efter fortjeneste, er dette monument rejst til hendes minde på bekostning af den høje fyrste, den nu regerende konge Erik, år 1423.

 
Margrethe I si grav
Foto: Nils Jepsen
 
Junker Kristoffer var storebror av Margrete I. Her er han i alabast i Roskilde domkyrkje kor han ligg i koret.
Foto: Orf3us
 
Bilete frå høgkoret med sarkofagen med Louise av Mecklenburg-Güstrow til venstre, i framgrunnen junker Kristoffer og til høgre sarkofagen over Fredrik IV.
Foto: KDLarsen

Sarkofagen til Margrete I er stilt opp i koret, det same er gravminna til junker Kristoffer, Kristian V, Charlotte Amalie, Fredrik IV og Louise av Mecklenburg-Güstrow.

Margrete I (1353–1412) var regjerande dronning under Kalmarunionen. Ho var dotter av Valdemar Atterdag og Helvig av Slesvig. Gjennom sitt ekteskap med Håkon VI Magnusson var ho ikkje-regjerande dronning av Noreg frå 1363 til 1380, regjerande dronning av Noreg frå 1388 til sin død og regjerande dronning av Danmark frå 1375 til sin død i 1412. Margrete vart sett på som dronning av Danmark sjølv om ho ikkje offisielt titulerte seg slik, men nytta tittelen «fuldmægtig frue og husbond og Danmarks riges formynder».

Etter at ho vart død vart ho gravlagd saman med far sin og sonen Olav i Sorø klosterkyrkje. Under leiing av Roskildebispen Peder Jensen Lodehat vart liket fjerna med makt og flytt til Roskilde året etter. Sarkofagen vart laga i 1423 og er sett på som Danmarks vakraste gravminne frå mellomalderen.[14]Han er smykka ut i alabast. Sarkofagen inneheld ei kiste av bly med kroppen hennar og på dekkplata er ei gyllen innskrift gravert inn på vegne av etterfølgjaren Erik av Pommern. Sarkofagen til Margrete har aldri vorte opna, men under ei restaurering i 1950 bora ein små hol i han og ein kom da inn mot eit lag av bly.[22] Sarkofagen er sannsynlegvis laga av Johannes Junge frå Lübeck.[23]

Junker Kristoffer (- d. 1363) var einaste son av Valdemar Atterdag og Helvig av Slesvig og storebror til Margrethe I. I Nordisk familjebok frå 1911, bind 14, side 1453-1454 står det at Kristoffer vart fødd i 1344 og han kan dermed ha vore rundt 19-20 år da han døydde i 1363.[24] Minnesmerket er i alabast og viser ein ung riddar i full rustning pynta med juvelar og med våpen av Danmark, Halland og Lolland rundt. Kristoffer sjølv er truleg gravlagd under kyrkjegolvet - gravmælet vart først stilt opp i 1878.[6]

På ein opphøgd plass i koret står fire overdådige sarkofagar av marmor i barokk saman med junker Kristoffer. Her ligg Kristian V (1646–1699) og ektefellen Charlotte Amalie (1650–1714), sonen deira Fredrik IV (1671–1730) og den første dronninga hans, dronning Louise (1667–1721).[6]

Oppdraget med å lage sarkofagane til Kristian V og Charlotte Amalie vart først gitt til Andreas Gercken i 1716.[25] Figurane og relieffa var ved Johan Christopher Sturmberg.[26] Det vidare arbeidet med sarkofagane vart gitt til Didrick Gercken året etter.[27]

Tjue år etter arbeidet med sarkofagane til Kristian V og Charlotte Amalie fekk Diderik Gercken òg oppdraget med å lage Fredrik IV og dronning Louise sine sarkofagar. I tillegg står han bak sarkofagane til dronning Anna Sophie og borna hennar.[27]

Helligtrekongers kapellEndra

 
Monumentet over kong Fredrik II og dronning Sophie utført av Gert van Egen og reist i 1598.
Foto: FaceMePLS
 
Monumentet over kong Kristian III og dronning Dorothea er pynta med Kristian som ligg på lokket i alabast. Monumentet er laga av bilethoggaren Cornelis Floris i Antwerpen i åra 1574-1575.
Kristian III (1503-1559) var konge av Danmark 1534–1559 og av Noreg 1536–1559 og var den som innførte reformasjonen i Danmark-Noreg.
Foto: Kaspar Damm Larsen

Helligtrekongers kapell vart reist i 1460-åra på initiativ av Kristian I. Meininga med kapellet var opphavleg at det skulle vere samlingsplassen for ein riddarorden han nyleg hadde stifta, ein forløpar til Elefantordenen.[6]

Kapellet inneheld gravene til Kristian I og ektefellen Dorothea av Brandenburg, Kristian III med ektefellen Dorothea av Sachsen-Lauenburg og Fredrik II og Sophie av Mecklenburg.[6]

Kristian I og Dorothea døydde i høvesvis 1481 og 1496 og begge to er gravlagde under golvet.[6] På staden dei ligg er det lagt to steinar som markering.

Helligtrekongers kapell er dominert av sarkofagane til Kristian III og Frederik II.[6] Sarkofagen over Kristian III og dronning Dorothea prydast av Kristian liggjande på loket i alabast. Han ligg i full rustning og har hendene samla opp og framføre seg i bøn. Gravmonumentet blir bore av seks søyler og på baldakinen sit ein engel i kvart hjørne. Midt på i den eine kortenden er det montert eit krusifiks med Jesus på krossen, framom krusifikset kneler Kristian i bøn. Rundt monumentet står fire soldatar i romerske drakter og vaktar kongen.

Monumentet er laga av den nederlandske bilethoggaren Cornelis Floris i Antwerpen i åra 1574–1575. [28] Floris var aktiv i Antwerpen, der han òg var medlem av det lokale Sint-Lucasgildet.[29] Han leverte fleire gravmonument til Danmark i tillegg til monumentet over Kristian III.[28]I Danmark fekk stilen stor utbreiing og vart kalla Florisstil.[28]Gravmonument over Kristian III var bestilt i 1569 og vart fullført i august 1575. Det vart stilt opp i domkyrkja i 1578.[28]

Ved sida av minnesmerket over Kristian III står Fredrik II (1534-1588, konge 1559–1588) og dronning Sophies minnesmerke. Det vart laga på initiativ av Kristian IV og mora, enkjedronning Sophie og vart bestilt hos Gert van Egen i 1589. Gert van Egen var tilsett i kong Fredrik IIs teneste som steinhoggar på Kronborg slott og ein reknar med at han har hatt viktige oppdrag med å smykke ut slottet.[30]

Fredrik var død i april 1588 og vart gravlagd i domkyrkja 5. juni same året.[31]Monumentet over grava vart reist i 1598 og er i hovudsak ein kopi av Kristian IIIs monument.[6] På sidene er det scener frå felttoget i Ditmarsken og frå sjuårskrigen.[6] Av eit brev frå enkjedronning Sophie går det fram at han skulle lage det etter modellar han fekk utlevert og det er difor noko uklart kor stor del av monumentet som er van Egens eige verk.[30]

Sarkofagane til Kristian III og Fredrik II er begge tomme, kongane og ektefellane deira er gravlagd i låge krypter under golvet.

Kapellet vart halde oppe av ei kongesøyle der fleire kongelege personar har fått rissa inn høgda si. Fleire av måla er nok snarare fantasi enn verkeleg; til dømes er Kristian I merkt av med ei høgd på nesten 2,20 meter og tsar Peter den store av Russland med 2,08 meter.[32]

Kristian IV sitt kapellEndra

 
Sarkofagen til Anna Kathrine. Anna Kathrine (1575–1612) var dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskapet med Kristian IV.
Foto: FaceMePLS
 
Utsida av Kristian IV sitt kapell
Foto: Nils Jepsen
 
Kristian IV sitt kapell. Framme til venstre Anna Kathrine, Kristian IV og Christian, Den utvalde prinsen. Bak:Sophie Amalie og Fredrik III. Måleriet er «Christian IV på «Trefoldigheden» under Sjøslaget på Kolberger-Heide» av Wilhelm Marstrand.
Foto: Christian Bickel

I kapellet til Kristian IV ligg Kristian IV med ektefellen Anna Kathrine og sønene Kristian og Fredrik III med sin ektefelle Sophie Amalie. Kapellet er i renessanse og vart teikna av Kristian IVs arkitektar Lorenz og Hans van Steenwinckel den yngre. Det stod klart i 1642, seks år før kongen døydde, men var da nærast utan pynt sett bort frå gitteret til Caspar Fincke.[6]

Kapellet er reist i raud murstein med ein trappegavl mot nord. På kvart av gavltrinna er det plassert ein sandsteinsfigur som representerer dei kristne dygdene. Ved sida av gavlvindauga er det fire putti, kvar med eit av symbola på døden: ein hovudskalle, ein ljå, ein fakkel som peikar ned og eit timeglas. Sentralt på midten av gavlen er våpenskjolda til kongen.

Kristian ligg i ei enkel kiste midt framfor gavlen i kapellet og på lokket ligg ryttarkården hans.[6] Dronning Anna Kathrine ligg på den venstre sida hans og sonen Kristian på den høgre.

Då Kristian døydde i 1648 var interiøret ikkje ferdigstilt og kongen si kiste vart plassert i krypta under kyrkja i staden. Han hadde bestilt sitt eige monument og dette var ferdig før han døydde. Monumentet skildra han og dronninga i alabast knelande framfor eit krusifiks av sandstein. Det vart mellombels plassert i Arsenalet. Arsenalet brann i 1647, året før kongen døydde, og monumentet vart så skada at berre krusifikset og eitt av hovuda kunne reddast. Krusifikset vart seinare plassert i Holmens kyrkje i København og hovudet vart gjeve til Nationalmuseet.

Med oppblomstringa av romantikken på 1800-talet vart det bestemt at ein skulle dekorere kapellet. Veggane er dominert av måleria «Christian IV på «Trefoldigheden» under Sjøslaget på Kolberger-Heide» og «Christian IV dømmer Rosenkrantz» av Wilhelm Marstrand. Kapellet inneheld òg ein skulptur av Kristian IV av Bertel Thorvaldsen og fresker av Heinrich Eddelien som vart måla rundt 1847.[33]

Kristian IV og Anna Kathrines son Fredrik III var Danmark og Noregs første eineveldige konge. Han sat på trona frå 1648 til sin død i 1670. Fredrik og ektefellen Sophie Amalie ligg i kvar sin koparsarkofag med dekorasjonar i messing. Den blei laga av hoffgullsmed Ferdinand Küblich i samarbeid med Johan Kohlmann og Jean Henri de Moor etter teikningar av Lambert van Haven.[34]

Fredrik vart opphavleg gravlagt i ein annan sarkofag enn den han ligg i no. Ferdinand Küblich fekk bestilling på sarkofagen og den blei utført av kopar med dekorasjonar av sølv.[34] Küblich var kunstnaren bak Fredriks tre store sølvløver i naturleg storleik som finst på Rosenborg slott; kongen hadde bestilt seks stykke, men dei blei ikkje ferdige før han døydde.[35] Kongens castrum doloris i Københavns slottskyrkje vart vakta av dei tre løvene. Sarkofagen var dekorert med sølvdekorasjonar som vog 70 kilo.[35]

Tradisjonen med at dei tre sølvløvene vaktar den avdøde monarkens castrum doloris har halde seg og er det einaste dei no blir nytta til.[36]

Fredrik V sitt kapellEndra

 
Fredrik Vs sarkofag av Johannes Wiedewelt
Foto: FaceMePLS

Fredrik Vs kapell vart opphavleg teikna i klassisisme av arkitekt C.F. Harsdorff i 1774. Det vart ikkje ferdig til han døydde og vart fullført først i 1825 av C.F. Hansen.[37]

Kapellet inneheld 11 graver; Fredrik V, Louise av England, Juliane Marie, Kristian VI, Sophie Magdalene, Kristian VII, Fredrik VI, Marie Sophie, Kristian VIII, Caroline Amalie og Fredrik VII.[6]

Fredrik Vs sarkofag er laga i marmor av Johannes Wiedewelt.[38] Monumentet vert sett på som kunstnarens hovudverk. Monumentet har ei lengd på ca. 2,5 meter og ei høgd på rundt 1,8 meter. Sarkofagen kviler på eit fotstykke og vart pryda av fleire skulpturar. Bak han ber ei søyle ein medaljong med portrett av kongen. Søyla blir krona av ei urne. Ved endane av sarkofagen sit to høge, krona kvinnefigurar, Danmark og Noreg, som i djup sorg.

Dronning Louises sarkofag er utført av Carl Frederik Stanley og vart sett på som kunstnarens hovudverk. Den er plassert på skrå overfor Fredrik Vs sarkofag.

Fredrik Vs foreldre Kristian VI (1699–1746) og Sophie Magdalene (1700–1770) ligg i to siderom. Òg Kristian VIs gravmonument er eit verk av Wiedewelt.

Kristian VIIs sarkofag er utførd av Matthias Hansen under leiing av onkelen C.F. Hansen.[39]

Arkitekt Jørgen Hansen Koch var ein ven av Kristian Fredrik, den seinare Kristian VIII.[40] Da Fredrik VI døydde i 1839 hadde Koch eit utkast til kiste klart allereie fire dagar seinare og fekk dette godkjent av den nye kongen, Kristian VIII. Kista vart nytta under sjølve gravferda.[41] Fredrik VIs kiste er i klassisk seinempire med element frå antikken med løveføter og sfinksar. Da ektefellen Marie Sophie døydde i 1852 fekk ho ein kopi av kista hans.[41]

Da Kristian VIII døydde i 1848 leverte Koch eit forslag som vart nytta og sarkofagen vart utforma etter teikningane hans. Enkja, Caroline Amalie, døydde først i 1881 og ho fekk ein sarkofag lik ektefellen sin etter teikningane til Koch.

Fredrik VII (1808–1863) var den første kongen etter at eineveldet fall i 1848 og var konge til han døydde. Han var son av Kristian VIII frå første ekteskapet hans. Fredrik hadde ingen born og vart dimed siste kongen av huset Oldenburg. Sarkofagen hans Fredrik VII er utforma av Theodor Zeltner.[42]

Kristian IX sitt kapellEndra

 
Dobbeltsarkofagen med Kristian IX og Louise av Hessen-Kassel teikna av Hack Kampmann og med allegoriske kvinnefigurar av Edvard Eriksen.
Foto: Slaunger

Kristian IX sitt kapell eller Det Glücksborgske kapell ligg i den nordvestre delen av domkyrkja og stod klart i 1924 etter teikningar av arkitekt Andreas Clemmensen.[43]Gravlagde i kapellet er Kristian IX og Louise av Hessen-Kassel, Fredrik VIII og Lovisa av Sverige, Kristian X og Alexandrine av Mecklenburg-Schwerin.[6]

Kristian IX (1818-1906) og dronning Louise (1817-1898) ligg midt i rommet i ein dobbeltsarkofag teikna av Hack Kampmann. [44] Rundt sarkofagen sit kvinnefigurar signert Edvard Eriksen.[45]

òg Fredrik VIII (1843–1912) og kona Lovisa (1851–1926) ligg i dette kapellet. Dei kviler i ein dobbeltsarkofag teikna av Einar Utzon-Frank.[46]

Det siste paret som ligg i dette kapellet er Kristian X (1870–1947) som var konge frå 1912 til 1947 og kona Alexandrine (1879–1952), som kviler i to enkle kiste av marmor teikna av Kaare Klint.[47]

Da Maria Feodorovna – fødd Dagmar og dotter av Kristian IX og Louise – døydde i 1928 blei det fyst heldt ein kort seremoni i Aleksander Nevskij kyrkje i København og deretter ein russisk-ortodoks seremoni i Roskilde domkyrkje innan sarkofagen blei satt i kapellet. I 1957 vart kista flytta til krypten under kapellet og i september 2006 blei den sendt til Russland.[48]Det hadde vore ønske hennar å bli gravlagd ved sida av ektemannen Aleksander III av Russland i Peter og Pauluskatedralen i St. Petersburg når Russland ble fritt.

Da Fredrik IX døydde i 1972 blei kista hans satt i kapellet drapert med flagget, vokta av dei tre sølvløvene frå kronregalia og flankert av to kandelabere i form av ankere. Kongen blei gravlagd i 1985 og berre kandelabra står att i kapellet.

OktogonenEndra

 
Oktogonen
Foto: Mariusz Paździora

Oktogonen eller Frederik IXs begravelsesplass er domkirkens nyeste kapell og blei reist etter Fredrik IX var død. Den er innreda for Frederik IX og hans etterkommarar og er plassert utanfor det nordvestre hjørne av kyrkja.

Gravplassen vart innvia 23. september 1985 og var den fyste gravplassen utanfor sjølve domkyrkja. Det var to grunnar til bygginga; det hadde vore kongens ynskje å bli gravlagd utanfor katedralen og i tillegg var det ikkje plass att i Kristian IX sitt kapell. Gravplassen er teikna av arkitekt Vilhelm Wohlert i samarbeid med Inger og Johannes Exner. Den inneheld ein enkel åttekant av murstein utan tak med ein inngangsportal av bronse teikna av Sven Havsteen-Mikkelsen. Gravsteinen er av grønlandsk granitt av bilethoggaren Erik Heide.[6] Grava blei permanent forsegla etter gravleggjinga av dronning Ingrid i 2000.

 
Altaret i Sankt Andreas kapell av Peter Brandes
Foto: KDLarsen

Kapellet hennar Sankt BirgitteEndra

Dronning Margrethe II har peika ut kapellet hennar Sankt Birgitte som framtidig gravplass for seg sjølv og prins Henrik med ein dobbeltsarkofag av kunstnaren Bjørn Nørgaard.[49]Kapellet ligg på nordsida av domkyrkja og er frå 1485.

Det ligg fleire gravlagd i kapellet både i golvet og i eigne kryptar. I ein av kryptane ligg tre av borna til Kristian IV og Kirsten Munk. To av desse vart opna i 1980.[50]

Sankt Andreas sitt kapellEndra

Kapellet ligg på nordsida av domkyrkja og blei bygd i 1396. Det blei ominnreidd og smykka ut av kunstnaren Peter Brandes i 2010. Kapellet fekk mellom ann ny altartavle. Det er meninga at kapellet skal fungere som ein meir intim plass for bryllaup og dåp og nyttast til utstillingar. Kapellet har sitt eige lille orgel.

ReferansarEndra

  1. Kirkehistorie.dk
  2. Roskilde domkyrkje frå UNESCO
  3. 39 konger og dronninger er begravet i Domkirken
  4. Hauglid, Roar (1976) Norske stavkirker. 2 : Bygningshistorisk bakgrunn og utvikling, s. 163 – Dreyer, [Oslo]. ISBN 8209013513.
  5. Niels Peter Stilling, side 296
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 6,15 6,16 Roskilde domkirkes historie (dansk). Roskildedomkirke.dk. Arkivert frå originalen den 2011-09-27. Vitja 2016-09-07.
  7. 7,0 7,1 7,2 Anette Kruse, side 113
  8. Anette Kruse, side 112
  9. 9,0 9,1 Højaltertavlen i Roskilde Domkirke frå Altertavler.dk Registernr.: RO.01.03.01 under Roskilde Stift
  10. 10,0 10,1 Anette Kruse, side 111
  11. 11,0 11,1 11,2 Niels Peter Stilling, side 299
  12. Anette Kruse, side 86
  13. 13,0 13,1 Anette Kruse, side 119
  14. 14,0 14,1 Niels Peter Stilling, side 300
  15. Roskilde domkirkes orgel frå Organindex
  16. Orglets historie i Danmark
  17. Roskilde Cathedral organ in Denmark 1555 Hermann Raphaëlis / 1654 Johan Lorentz
  18. 18,0 18,1 Domsognets orgler
  19. 19,0 19,1 Anette Kruse, side 100-102
  20. Johannes Evangelist i Roskilde Domkirke frå Altertavler.dk Registernr.: RO.01.03.04 under Roskilde Stift
  21. Da vikingkongen i Roskilde Domkirke mistede sin mor DNA-analyse af Svend Estridsen frå Vikingmagasin
  22. Anette Kruse, side 80
  23. Johannes JungeKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  24. Nordisk familjebok side 1453-1454
  25. Andreas GerckenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  26. Johan Christopher SturmbergKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  27. 27,0 27,1 Didrick GerckenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 Cornelis FlorisKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  29. Cornelis Floris i RKDs database
  30. 30,0 30,1 Gert van EgenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  31. Frederik II frå DBL hos Den store danske
  32. Kulturarv.dk om Roskilde domkyrkje
  33. Vægmalerier i Christian IVs gravkapel (dansk). Nationalmuseet. Arkivert frå originalen den 2010-01-06. Vitja 2016-09-07.
  34. 34,0 34,1 Ferdinand KüblichKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  35. 35,0 35,1 En trone af enhjørninghorn og løver af sølv frå Siden Saxo
  36. Kronregalier frå Kongehuset.dk
  37. Niels Peter Stilling, side 297
  38. Johannes WiedeweltKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  39. Matthias Hansen frå Weilbachs Kunstnerleksikon
  40. Jørgen Hansen Koch frå Weilbachs Kunstnerleksikon
  41. 41,0 41,1 Gorm Bruun Hansen. Jørgen Hansen Koch og Roskilde (dansk) (PDF). Roskilde Gymnasium. Arkivert frå originalen den 2015-09-12. Vitja 2016-09-07.
  42. Theodor Zeltner frå Weilbachs Kunstnerleksikon
  43. Andreas ClemmensenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  44. Hack Kampmann - prosjekter frå Weilbachs/Rosekamp
  45. Edvard EriksenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  46. Einar Utzon Frank frå Store norske leksikon
  47. Kaare KlintKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  48. Kejserinde Dagmars genbegravelse / Roskilde Domkirke frå Kulturarv.dk/Verdensarv
  49. Bjørn Nørgaard laver Dronningens gravmæle frå Kristeligt Dagblad
  50. Anette Kruse, side 145

LitteraturEndra

  • Anette Kruse: Roskilde domkirke, Roskilde Domkirkes Salgsfond, 2003, ISBN 87-90043-13-8
  • Stilling, Niels Peter: Danmarks kirker, København: Politikens Forlag, 2000, ISBN 87-567-6059-0

BakgrunnsstoffEndra