Opna hovudmenyen

Sophie Elise Steen Isachsen (fødd 18. desember 1994 i Harstad), kjend som Sophie Elise eller Sophie Elise Isachsen, er ein norsk skribent, songar og låtskrivar.[1]

Sophie Elise
Fødd18. desember 1994 (24 år)
FødestadHarstad i Troms i Noreg
FødenamnSofie Steen Isachsen
AliasSophie Elise eller Sophie Elise Isachsen
OpphavNoreg
Aktiv2011-no
Sjangerpop
InstrumentVokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somSkribent, songar og låtskrivar
PrisarVixen Influencer Awards

Sophie Elise vart fyrst kjend gjennom bloggen sophieelise.blogg.no, som i 2015 var ein av dei som vert mest lesen i Noreg.[2] Ho har òg delteke i alle dei fire sesongane av røyndomsserien BloggerneTV 2 Bliss, og ho enda på tredjeplass i dansetevlinga Mitt dansecrewTV 2 våren 2015.[2][3] I 2013 var ho avbilda på framsida av herremagasinet FHM.[4]

I 2014 gav Sophie Elise ut singelen «Lionheart».[5] I Noreg selde singelen til platina, og låg ei veke som nummer 12 på VG-lista.[6][7] Den andre singelen hennar, «Love Like That», vart gjeven ut i 2015.[6] «Love Like That» låg ei veke som nummer 27 på VG-lista.[8]

I 2016 gav Sophie Elise ut sjølvbiografien Forbilde.

Innhaldsliste

DiskografiEndra

SinglarEndra

  • 2014: Lionheart
  • 2015: Love Like That
  • 2017: All Your Friends
  • 2018: In My Head

BibliografiEndra

KjelderEndra

  1. «SÅ MYE TJENER DE NETTO». Nettavisen. 18. oktober 2013. Henta 29. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 «5 kjappe med Sophie Elise». Gaffa. 27. mars 2015. Henta 29. mars 2015. 
  3. «Sophie Elise ute av Mitt dansecrew». Side2. 20. februar 2015. Henta 29. mars 2015. 
  4. «- Jeg tenkte: «Gud hvorfor gjorde jeg det her»». Se og Hør. 20. mars 2013. Henta 29. mars 2015. 
  5. «Låtanmeldelse: Sophie Elise - «Lionheart»». Verdens Gang. 26. mai 2014. Henta 29. mars 2015. 
  6. 6,0 6,1 «28. mars 2015». TV 2. Henta 29. mars 2015. 
  7. «Lionheart». Vg-lista. Henta 29. mars 2015. 
  8. «Love Like That». VG-lista. Henta 9. desember 2015.