For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Soroca (fleirtyding).

Soroca er ein by og ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Soroca i Moldova og hovudsete i distriktet. Han ligg ved elva Dnister, om lag 160 km nord for Chișinău og har om lag 22 000 innbyggjarar. I 2016 fekk Soroca status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.[2][3]

Soroca
Utsyn over Soroca
Utsyn over Soroca
Utsyn over Soroca
Byvåpenet til Soroca
Byvåpenet til Soroca
Styresmakter
Land
Distrikt
Moldova
Soroca
Geografi
Flatevidd 11,88 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)

22 196[1]
Koordinatar 48°9′46″N 28°17′59″E / 48.16278°N 28.29972°E / 48.16278; 28.29972
Høgd over havet 45 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.sr.com.md
Plassering
Soroca is located in Moldova
Plasseringa til Soroca i Moldova

Soroca har ein forholdsvis stor minoritet av sigøynarar, noko som har gjort at byen stundom vert kalla «sigøynarane sin hovudstad».[4]

Festninga i Soroca

Byen har opphavet sitt som ein mellomaldersk handelsstasjon for Republikken Genova. Seinare bygde fyrst Stefan III av Moldavia ei festning her i 1499 som byen er kjend for i dag.

Under den store tyrkiske krigen klarte John Sobieski og styrkane hans å forsvare festninga mot osmanarane. Byen var militært viktig under Prut-felttoget til Peter den store i 1711. Festninga vart plyndra av russarane under den russisk-tyrkiske krigen 1735-1739.

Folketal

endre

Kommunen har den eine busetnaden. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.

Folketal 2004[5] Folketal 2014[1]
Soroca 28 362
Kommunen Soroca 28 362 22 196

Kjelder

endre

Referansar

endre