Distrikt i Moldova

Distrikta (rumensk raion) er ei administrativ eining i Moldova. Landet har 32 distrikt, som med eitt unntak har namn etter staden som er hovudsete i distriktet. Dei tre større bykommunane Chișinău, Bălți og Bender står utanfor distriktsinndelinga og står på same administrative nivå som distrikta. Utanfor distriktsstrukturen står òg dei autonome territoriale einingane Gagauzia og Venstre breidd av Dnister.[1]

Administrative inndelingar i Moldova

Bykommunen Bender og den territoriale eininga Venstre breidd av Dnister er ikkje kontrollerte av styresmaktene i Moldova, men er under kontroll av den internasjonalt ikkje godkjende republikken Transnistria.

Liste

endre
Distrikt Hovudsete Folketal 2014[2] Byar (oraș) Landkommunar
(comuna)
Anenii Noi Anenii Noi 78 996 1 25
Basarabeasca Basarabeasca 23 012 1 6
Briceni Briceni 70 029 2 26
Cahul Cahul 105 324 1 36
Călărași Călărași 64 401 1 27
Cantemir Cantemir 52 115 1 26
Căușeni Căușeni 81 185 2 28
Cimișlia Cimișlia 49 299 1 22
Criuleni Criuleni 70 648 1 24
Dondușeni Dondușeni 37 856 1 21
Drochia Drochia 74 443 1 27
Dubăsari Cocieri 29 271 11
Edineț Edineț 71 849 2 30
Fălești Fălești 78 258 1 32
Florești Florești 76 457 3 37
Glodeni Glodeni 51 306 1 18
Hîncești Hîncești 103 784 1 38
Ialoveni Ialoveni 93 154 1 24
Leova Leova 44 702 2 23
Nisporeni Nisporeni 53 154 1 22
Ocnița Ocnița 47 425 3 18
Orhei Orhei 101 502 1 37
Rezina Rezina 42 486 1 24
Rîșcani Rîșcani 59 226 2 26
Sîngerei Sîngerei 79 814 2 24
Șoldănești Șoldănești 36 743 1 22
Soroca Soroca 77 656 1 34
Ștefan Vodă Ștefan Vodă 62 072 1 22
Strășeni Strășeni 82 675 2 25
Taraclia Taraclia 37 357 2 13
Telenești Telenești 61 144 1 30
Ungheni Ungheni 101 064 2 31

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024. 
  2. «Recensământului Populației și Locuințelor 2014 (Folke- og bustadteljing 2014)». Biroul Național de Statistică (Nasjonalt statistikkbyrå). 2017. Henta 17. oktober 2024.