Sorsele kommun

kommune i Västerbotten len i Sverige

Sorsele kommune ligg i Västerbottens län i Lappland i Sverige. Kommunen grensar i vest til Rana kommune i Noreg, til Arjeplog kommune i nord, Malå kommune og Lycksele kommune i aust, og Storuman kommune i sør. Sorsele er den nest minste kommunen i Sverige etter folketal.

Sorsele kommun
kommune
Bf Sorsele.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Lappland
Del av Lappland i Sverige, Q61669443
Areal 7 957,64 km²
 - land 7 368,44 km²
 - vatn 589,2 km²
Folketal 2 699[1] (2011)

Sorsele kommun
65°31′0″ N 17°31′0″ E
Sorsele Municipality in Västerbotten County.png
Wikimedia Commons: Sorsele Municipality

Administrasjonssenter i kommunen er Sorsele.

Sorsele kyrkje

Administrativ historieEndra

Dei to kommunereformane i 1952 og 1971 påverka ikkje grensene til Sorsele kommune. Den einaste verknaden av den første var at eit municipalsamhälle som vart oppretta i 1935, vart oppløyst i 1955.

KommunekommunevåpenetEndra

Kommunekommunevåpenet til Sorsele kommune kom til etter ein konkurranse på 1960-talet, og vart fastlagt ved ein kongeleg resolusjon i 1970, og deretter registret av Patent- och registreringsverket i 1974. Kommunevåpenskjoldet viser to krosslagde blå ski gjennomtrengt av eit blått ulvespyd med raud spiss. Over spydet er det ein kniv for tilreiing av reinhorn.

Samisk språkEndra

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

GeografiEndra

Innsjøen Storvindeln ligg i kommunen. Vindelälven er det største vassdraget. Delar av fjellområdet Vindelfjällen på grensa mot Storuman kommune er eit naturreservat. I aust er det store myr- og skogområde, og skogbruk og treindustri er viktige næringar i kommunen.[3] Reindrift er òg ei viktig næring, i fjellbyen Ammernes finst området i Sverige med høgast reintettleik.[4]

E45 og Inlandsbanan går gjennom kommunen.

TettstaderEndra

Sorsele kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005].[5]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Sorsele 1 288

SmåstaderEndra

Det finst tre småstader i Sorsele kommune (folketal den 31. desember 2005):[6]

Nr Småstad Folketal
1 Blattnicksele 187
2 Gargnäs 138
3 Ammarnäs 95

Andre staderEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Offisiell heimesidefor Sorsele kommune