Sortavala (russisk Сортавала) er ein by i republikken Karelia i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved nordbreidda av Ladoga. Byen er ein viktig stasjon på jernbanen ViborgJoensuu.

Sortavala
Сортавала
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Sortavala
Byvåpenet til Sortavala


Plassering
Sortavala is located in Russland
Sortavala is located in Karelia
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Karelia
Grunnlagd
Bystatus
1100-talet
1783
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

19 532
Koordinatar 61°42′N 30°40′E / 61.700°N 30.667°E / 61.700; 30.667
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 18679x
Retningsnummer (tlf) +7 81430
Bilnummer 10
Nettstad: www.sortavala.karelia.ru

Historie endre

Sortavala-området vart første gong registrert i svenske kjelder frå 1468. Russiske dokument nemner han først som «Serdovol» eller «Serdobol» i 1500. Busetnaden Sortavala er nemnt frå 1582. Han vart avstått til Sverige etter krigen om Ingermanland (1610-1617). Den noverande byen ser ut til å ha vorte grunnlagt i 1632.

Med freden i Nystad i 1721 kom busetnaden under Russland saman med resten av Finland, og vart gjeve det russiske namnet Serdobol. Han vart kjend for sine marmor- og granittbrot, som sørgde for dei nødvendige materiala til tsaren sine palass i Sankt Petersburg og omegn. I 1812 vart området lagt inn under det nyoppretta storhertugdømet Finland.

I 1917 var byen ein del av det nyleg sjølvstendige Finland. Han vart påført omfattende skadar etter sovjetisk massebombardment under vinterkrigen[1], og gjennom freden i Moskva vart Finland tvunge til å avstå byen til Sovjetunionen. Heile folkesetnaden i byen vart evakuert for første gong. Som med resten av Finsk Karelen vart Sortavala teke tilbake att av Finland under framhaldskrigen 1941–1944, og dei fleste av dei evakuerte vendte tilbake til heimane sine. Etter våpenkvilen i 1944 vart finnane igjen evakuert og byen avstått igjen. Etter krigen vart byen folkesett av slaviske folk.

Fram til 1940 var breidda av Ladoga sørvest for Sortavala ein av dei få relativt tett folkesette områda nord for Det karelske neset som var folkesett av karelar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre