Sosialøkologisme
- Denne artikkelen handlar om den politiske retninga sosialøkologi eller sosialøkologisme. For den samfunnsvitskaplege greina sosialøkologi eller sosioøkologi, sjå sosialøkologi.
Sosialøkologisme er, etter leiarane i rørsla sine ord, «ein konsistent, radikal kritikk av notidige sosiale, politiske og antiøkologiske trendar» og samtidig «ein rekonstruerande, økologisk, kommunitær og etisk innfallsvinkel til samfunnet». Sosialøkologisme blir rekna som ein radikal ståstad innanfor økologi og sosiale og politiske system.
Sosialøkologistar meiner at den noverande økologiske krisa er eit direkte resultat av kapitalisme. Dei meiner at det ikkje er så mykje det totale antalet menneske, men måten menneska samhandlar med kvarandre, som har ført til den noverande økonomiske krisa. Overforbruk, produktivisme og bruk- og kastmentalitet er dermed symptom på heller enn årsaker til, eit djupare problem med sosial samhandling i etisk perspektiv.
Sosialøkologisme og anarkisme
endreSosialøkologisme er utvilsamt ei av dei mest innflytnadsrike retningane i den økoanarkistiske hovudretninga av anarkismen. Sosialøkologisme blir særleg forbunde med idéane og verket til Murray Bookchin, som har skrive om økologiske emne sidan 1950-åra, og som frå 1960-åra av har kombinert arbeidet med desse emna med revolusjonær sosialanarkisme. Verket hans inkluderer Post-Scarcity Anarchism, Toward an Ecological Society, The Ecology of Freedom og ei rekkje andre bøker.
Sosialøkologismen plasserer røtene til den økologiske krisa kring år 2000 solid i dominanstilhøva mellom menneske. Den menneskelege dominansen over naturen blir sett på som eit produkt av dominansåtferd innanfor menneskesamfunnet, men denne dominansen fører berre til kriseproporsjonar innanfor kapitalismen — som Murray Bookchin skriv:
- “The notion that man must dominate nature emerges directly from the domination of man by man… But it was not until organic community relations… dissolved into market relationships that the planet itself was reduced to a resource for exploitation. This centuries-long tendency finds its most exacerbating development in modern capitalism. Owing to its inherently competitive nature, bourgeois society not only pits humans against each other, it also pits the mass of humanity against the nature world. Just as men are converted into commodities, so every aspect of nature is converted into a commodity, a resource to be manufactured and merchandised wantonly.” (Op.cit., s. 63)
- “The plundering of the human spirit by the market place is paralleled by the plundering of the earth by capital.” (Ibid., s. 65)
Derfor reknar sosialøkologistar det som grunnleggjande viktig å kjempe mot hierarki og kapitalisme heller enn mot den generelle sivilisasjonen som årsaka til dei økologiske problema — som Murray Bookchin skriv:
- “Deep Ecology’s problems stem from an authoritarian streak in a crude biologism that uses ‘natural law’ to conceal an ever-diminishing sense of humanity and papers over a profound ignorance of social reality by ignoring the fact it is capitalism we are talking about, not an abstraction called ‘Humanity’ and ‘Society.’” (The Philosophy of Social Ecology, s. 160)