Sosialistisk Ungdomsforbund
Sosialistisk Ungdomsforbund, opphavleg kalla Sosialistisk Ungdomsfylking, var ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti (SF) i perioden frå partiet blei stifta og fram til brotet på landsmøtet våren 1969. SUF skifta kort tid etter brotet namn til Sosialistisk Ungdomsforbund (marxist-leninistene), SUF(m-l). Folk med tilknyting til SUF(m-l) i Oslo stod bak avisa Klassekampen, og ein kan seie at ungdomspartiet var ein forløpar til Arbeidernes kommunistparti.
I 1973 skifta SUF(m-l) namn til Raud Ungdom og blei ungdomspartiet til AKP(m-l).