Sosialistisk arbeidshelt

Sosialistisk arbeidshelt (russisk: Герой Социалистического Труда) var ein heiderstittel i Sovjetunionen og andre land innanfor Warszawapakta. Tittelen var den høgaste utmerkinga ein kunne få for eksepsjonelle prestasjonar innanfor sovjetisk økonomi. Statusen likna på heiderstittelen Helt av Sovjetunionen, som ein fekk for heroiske gjerningar, men utlendingar kunne ikkje tildelast tittelen Sosialistisk arbeidshelt.

Medalja ein fekk ved mottakinga.

Heiderstittelen vart innført 27. desember 1938 og vart delt ut fyrste gongen den 20. desember 1939 til Josef Stalin. Frå og med 1940 fekk mottakarane ei gullstjerne med hammar og sigd på som medalje. Ved oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 hadde over 20.000 sovjetarar vorte utnemnde til tittelen. Etter 1945 vart han tildelt m.a. Mikhail Kalasjnikov, Dmitrij Sjostakovitsj og Aram Khatsjaturjan.

Kjelde endre