Sound Scotland, Sound Festival, soundfestival eller berre sound er ein årleg musikkfestival som går føre seg i Aberdeen og Aberdeenshire i Skottland i slutten av oktober og byrjinga av november. Han omfattar ny musikk innan ulike sjangrar, som jazz, klassisk, elektroakustisk musikk og lydkunst.[1] Festivalen går over 5-6 dagar.[2]

Festivalen byrja med eit samarbeid mellom Mark Hope frå Woodend Barn og Pete Stollery frå University of Aberdeen om å få fleire framsyningar av ny musikk til Nordaust-Skottland. Det blei halde ein liten forsøksfestival over fire dagar i november 2004 kalla Upbeat!. Året etter blei den fyrste offisielle festivalen halden.[2]

Festivalen omfattar grupper som BBC Scottish Symphony Orchestra, Edinburgh Quartet, lokale festivalorkester og ulike grupper, og musikk av til dømes Sally Beamish, James MacMillan, McKenzie Medboe og La Boum!.[2]

Kjelder endre

  1. «About», Sound Scotland (på engelsk), henta 8. august 2022 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Background», Sound Scotland (på engelsk), henta 8. august 2022 

Bakgrunnsstoff endre