Sound of Arisaig i Lochaber i Skottland er ein fjord mellom Arisaighalvøya i nord og Moidarthalvøya i sør. Fjorden deler seg i to armar i botn, Loch nan Uamh nord for Ardnish, Loch Ailort mot sør. Det er fleire mindre øyar i fjorden og dei største er Eilean nan Gobhar og Samalaman Island, begge nær Glenuig på sørsida av fjorden.

Sound of Arisaig
fjord
Land  Skottland
Kart
Sound of Arisaig
56°51′00″N 5°50′56″W / 56.85°N 5.849°W / 56.85; -5.849
Loch nan Uamh frå nedanfor Polnish

Vegen A830, kalla Road to the Isles («Vegen til øyane») går langs austsida og nordsida av Loch Ailort- A861 går på sørsida av Loch Ailort og fjorden til Glenuig.

Prince's Cairn er staden der Charles Edward Stuart forlet Skottland etter det mislukka jakobittopprøret i 1745.

Området er erklært eit særskild bevaringsområde.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre

56°51′00″N 5°50′56″W / 56.850°N 5.849°W / 56.850; -5.849