South Havra (norrønt Hafrey[1]) er ei lita øya på Shetland i Skottland. Ho ligg sørom East og West Burra og vestom Shetland Mainland.

South Havra
Geografi
South Havra is located in
Stad Nord-Atlanteren
Koordinatar 60°1′24″N 1°21′12″W / 60.02333°N 1.35333°W / 60.02333; -1.35333
Øygruppe Scalloway Islands i Shetlandsøyane

Areal 0,59 km²

Høgaste punkt 42 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane

Demografi
Folketal 0

Utsyn frå sør på East Burra. South Havra til høgre i bakgrunnen.
Foto: Bob Embleton

Det har ikkje budd folk på øya sidan 1923. I dag er det berre sjøfugl og sau som held til på South Havra.

På øya står restane etter ei vindmølle. Det vanlege elles på Shetland var vassmøller. Det er ingen elver eller bekkar på South Havra som var store nok til å drive mylna dei trong for å få male kornet sitt, difor bygde dei seg vindmylne.

Kjelder

endre
  1. Anderson, Joseph (red.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 nytrykk). ISBN 0-901824-25-9