Southam
Southam er ein liten by i Warwickshire i England. Han ligg ved elva Stowe, som har utspringet sitt ved Napton-on-the-Hill, og renn forbi Southam før ho munnar ut i Itchen og så vidare inn i Leam.
Southam | ||
---|---|---|
Market Hill i Southam | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Warwickshire | |
Distrikt | Stratford-on-Avon | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
6 509 | |
Koordinatar | 52°15′N 1°23′W / 52.250°N 1.383°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | CV47 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1926 | |
Ein steintype som er vanleg i området er eigna til sementproduksjon, og det er eit stort steinbrot omkring halvannan kilometer nord for byen. For å frakte råvarer derfrå vart det lagt ei sidegrien frå Grand Union-kanalen inn til Southam. Mot slutten av 1990-åra vart sementfabrikken flytta til Rugby, men steinbrotet er enno i drift.
Historie
endreByen vart grunnlagt i angelsaksisk tid, og er nemnt i Domesday Book (1086).
Rett før borgarkrigen braut ut reiste Karl I gjennom byen. Innbyggjarane ynskte han ikkje velkommen, og nekta å ringe med kyrkjeklokkene. I 1642 budde kongen i Southam før slaget ved Edgehill. I 1645 var leiaren til den andre sida i byen, då Oliver Cromwell heldt til der saman med 7000 soldatar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Southam» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.