Spaarne er ei elv i Noord-Holland i Nederland. Denne delvis kanaliserte elva renn frå Ringvaart til ein sidekanal av Nordsjøkanalen. Ho renn gjennom Heemstede, Haarlem, og Spaarndam.

Spaarne
elv
Spaarne i Haarlem
Land  Nederland
Lengd 10,5 km
Kjelde Ringvaart
Munning Nordsjøkanalen
Kart
Spaarne
52°24′43″N 4°40′48″E / 52.41194444°N 4.68°E / 52.41194444; 4.68
Wikimedia Commons: Spaarne

Dei historiske kanalane i vollgravene rundt Haarlem er tilslutta Spaarne. Ei sluse ved Spaarndam ligg mellom elva og Nordsjøkanalen.

Historie endre

Elva rann tidlegare frå Haarlemmermeer til IJbukta, som strekte seg vidare frå Zuiderzee og heilt til Velsen. På 1200-talet vart det bygd ei demning med sluser ved munningen av Spaarne der landsbyen Spaarndam vart grunnlagd.

Etter eit hundreår med planlegging vart Haarlemmermeer pumpa tørr i løpet av åra 1850-1853 og gjort om til polder. Spaarne vart ei grein av Ringvaart, mista mykje av vatnet og vart grunnare.

Bygginga av Nordsjøkanalen (ferdig i 1876) reduserte det meste av IJbukta til polder, men ei liten kanalisert del av IJbukta vart igjen ved Spaarndam for å gå mellom Spaarne og den nye kanalen.

Elva vart gjort djupare for at skip kunne nå industriområda langs breidda.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Spaarne» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2008.
  • J.M Sterck-Proot, Tjeenk Willink, Haarlems oudste tijden: een vroeg-middeleeuwsch stadsbeeld, Haarlem, 1930.
  • Bert Sliggers a.o., De loop van het Spaarne; de geschiedenis van een rivier, Haarlem, Schuyt, 1987.