Spandau
Spandau er ein bydel i Berlin, og ligg hovudsakleg ved den vestre breidda til elva Havel med grense mot forbundstaten Brandenburg, landkrinsen Havelland og byen Potsdam.
I det delte Berlin etter 1945 høyrde Spandau til den britiske sektoren, og var fram til 1990 ein del av Vest-Berlin. Fram til 1920 hadde Spandau vore ein eigen bykommune, og framleis kjenner mange innbyggjarar ein sterkare identitet med Spandau enn med Berlin. Etter den andre verdskrigen oppretta sigersmaktene Spandau-fengslet der krigsforbrytarar sat.
I Spandau er Zitadelle Spandau og Rathaus Spandau sjåverdige bygningar.
Kommunikasjon
endreLinje | Stasjon |
U7 | Rathaus Spandau |
---|
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spandau