Spanskrøret er linjeforeninga for lektorutdanning med mastergrad i realfag ved NTNU. Linjeforeninga har ansvaret for det sosiale samhaldet for studentane på studiet. Dette ivaretek foreninga ved å arrangere festar, turar og faglege arrangement og å gi ut linjeforeningsavisa Vitnemålet. Spanskrøret har også ansvaret for faddervekene som er dei nye realfagslektorstudentane sitt fyrste møte med Trondheim.

Historie endre

Spanskrøret vart stifta 24. september 2004 i rom 546 Sentralbygg II på Gløshaugen. Spanskrørets høge beskyttar var, er, og skal alltid vere, Kari Hag. På skipingsdagen vart det vald tre personar til å sitje i styret: Rektor Yngvil Holt, inspektør Magne Søby og kontorsjef Bård Olav Johannesen.

Hovudstyret endre

Hovudstyret består frå 1. januar 2020 av:

  • Rektor: Morten Nygård
  • Inspektør: Ninni Maria Unneberg
  • Kontorsjef: Eirin Johansen Sørdal
  • Personalansvarleg: Emma Ludvigsen
  • Gymlærar: Svein Ove Haugum Fagerheim
  • Vaktmeister: Ole Hermann Bakka
  • Bibliotekar: Elida Kristine Engseth
  • Fagleiar: Emil Røberg
  • Kontaktlærar: Frida Tøgersen
  • IKT-ansvarleg: Kristine Larssen

Styret vert vald på generalforsamlinga. Førre generalforsamling vart halde 13. november 2019, og sitjande styre (bortsett frå kontaktlærar) sit ut heile kalenderåret 2019.

Styret har tilgang til Spanskrørets kontor, i NV-gangen i realfagsbygget på Gløshaugen, nokon gongar kjent som bøttekottet.

Aktivitetar endre

Spanskrøret står for mykje av den organiserte aktiviteten for LUR-studentane. Fleire arrangement går att kvart år:

  • Opptakstur
  • Immatrikuleringsball
  • Julebord
  • Åretur
  • Vårfest

Realfagskjellern endre

Moholtkjellarane til linjeforeningane på Gløshaugen er kjente for å fremje sosial aktivitet blant studentane. Dei heldt ope kvar fredag i undervisningsåret, og er såleis ein fin sosial arena. Spanskrøret deler kjellar med tre andre linjeforeningar, Delta, Online og Volvox og Alkymisten. Linjeforeningane rullerer på å ha ansvar for aktiviteten på kjellaren kvar veke.

Faddervekene endre

I styret sit ein faddersjef (Kontaktlærar) som har hovudansvaret for å planleggje og gjennomføre faddervekene på ein god måte. Med seg har faddersjefen ein fadderkomité. Vanlege aktivitetar i Spanskrøret sine fadderveker er:

  • Immatrikuleringsfest på Studentersamfundet i Trondhjem
  • Grilling og leik ved Realfagskjellern
  • Scavenger Hunt
  • Aktivitetsdag
  • Bar til bar
  • Hybel til hybel

Spanskrøret har fått mykje skryt for å arrangere alkoholfokusfrie aktivitetar i faddervekene. I 2013 vart faddervekene avslutta med eit populærvitskapleg foredrag med Jo Røislien, sponsa av Vektorprogrammet.

Lektorleikane endre

I faddervekene 2013 vart Lektorleikane arrangert for fyrste gong. Dette var eit initiativ frå fadderkomiteen i Spanskrøret, som ynskte å gjere noko saman med lektorstudentane på Dragvoll, som studerer språk, samfunnsfag, historie, idrett og geografi. Desse høyrer til linjeforeninga Erudio. Spanskrøret og Erudio konkurrerte i fleire ulike greiner, som vart avslutta med ein storslagen finale. Denne vann Spanskrøret, og Lektorleikane-pokalen stod difor på Spanskrørets kontor. Spanskrøret har vunnet seks av sju Lektorleikar per 2019.

Vitnemålet endre

Vitnemålet er avisa til Spanskrøret. I avisa finn ein både intervju, testar og andre artiklar. Vitnemålet blir gitt ut minst to gonger kvart semester, og på lanseringsdagane blir det servert kake og kaffi på (les: utanfor) kontoret.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre