Special Forces
Studioalbum av Alice Cooper
Språk engelsk
Utgjeve September 1981
Sjanger Rock, hardrock, new wave
Lengd 34:51
Selskap Warner Bros.
Produsent Richard Podolor
Kritikk
Alice Cooper-kronologi 
Flush the Fashion
(1980)
Special Forces Zipper Catches Skin
(1982)


Special Forces er det 13. studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i 1981, og produsert av Richard Podolor. Av singlar frå albumet finn ein «You Want It, You Got It», «Who Do You Think We Are» og «Seven and Seven Is». Flo and Eddie, tidlegare medlemmar i The Turtles, artistar og radiopersonlegdomar, medverka på albumet.[1]

Innhald

endre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Who Do You Think We Are»Alice Cooper, Duane Hitchings4:21
2.«Seven and Seven Is»Arthur Lee2:41
3.«Prettiest Cop on the Block» 3:13
4.«Don't Talk Old to Me» 2:54
5.«Generation Landslide '81 (Live)»Cooper, Glen Buxton, Michael Bruce, Dennis Dunaway, Neal Smith3:50
6.«Skeletons in the Closet» 3:42
7.«You Want It, You Got It» 3:15
8.«You Look Good in Rags» 3:35
9.«You're a Movie» 3:37
10.«Vicious Rumours» 3:43

«Look at You Over There, Ripping the Sawdust from My Teddybear» var oppført på plateomslaget, men var fjerna av Cooper frå sjølve albumet før det kom ut, sidan han følte at han ikkje passa inn med temaet på resten av plata. Han vart seinare gjeven ut som demo på plateboksen The Life and Crimes of Alice Cooper, og igjen på 2010-utgåva av Special Forces. Den komplette studioversjonen er enno ikkje gjeven ut.

«Seven and Seven Is» var ein coverversjon av bandet Love, skriven av Arthur Lee.

Medverkande

endre
  • Alice Cooper - vokal
  • Duane Hitchings - gitar, klaverinstrument
  • Mike Pinera - gitar
  • Erik Scott - bass
  • Danny Johnson - gitar
  • Craig Krampf - trommer

Lister

endre

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1981 Pop Albums 125

Kjelder

endre