Richard Allen Podolor (7. januar 19369. mars 2022) var ein amerikansk musikar, plateprodusent og låtskrivar. Karrieren starta som studiomusikar i 1950-åra, og han vart mest kjend som produsent for Three Dog Night.

Richard Podolor
Fødd7. januar 1936(1936-01-07)
FødestadLos Angeles i California i USA
Død9. mars 2022 (86 år)
FødenamnRichard Allen Podolor
Alias
  • Dickie Podolor
  • Richie Allen
OpphavUSA
Aktiv1956 til 2000-åra
InstrumentGitar
Tilknytte artistarThe Pets
PlateselskapDecca
Verka som
  • Musikar
  • lydteknikar
  • plateprodusent

Liv og karriere endre

Podolor vart fødd i Los Angeles 7. januar 1936,[1] og lærte seg gitar som barn.[2] Han vart studiomusikar i ein alder av 16 år, og spelte på Bonnie Guitar-hitten «Dark Moon» i 1956. Han gjorde nokre innspelingar som Dickie Podolor på slutten av 1950-åra, og turnerte som medlem av The Pets, ei gruppe som òg inkluderte studiomusikarane Plas Johnson og Earl Palmer. Han spelte på Pets-hitten «Cha Hua Hua Hua» frå 1958. Suksessen hans som musikar gjorde det mogleg for familien å opna eit platestudio, American Recording Company, som i starten vart driven av broren Don Podolor. Saman med trommeslagaren Sandy Nelson spelte Richie Podolor inn ein demo av «Teen Beat», men songen vart teken opp og spelt inn av andre musikarar saman med Nelson og vart ein hit i 1959. Fordi Podolor ikkje vart kreditert som medforfattar på «Teen Beat», krediterte Nelson han seinare som medforfattar på nokre av dei seinare innspelingane sine, mellom anna hitten «Let There Be Drums» frå 1961.

Podolor gav ut innspelingar for Imperial Records tidleg i 1960-åra, under namnet Richie Allen (eller, på ein singel, Dickie Allen). Singelen hans «Stranger from Durango» frå 1960 nådde 90. plassen på Billboard' Hot 100.[3] Albuma hans frå tidleg i 1960-åra, som leiar for Richie Allen and the Pacific Surfers inneheldt topp studiomusikarar frå Los Angeles som René Hall, Tommy Tedesco, Plas Johnson, Lincoln Mayorga og Sandy Nelson. To av desse Imperial-albuma, The Rising Surf og Surfer's Slide, vart seinare gitt ut på CD.[2]

Han heldt fram med å spela inn plater under eige namn i tillegg til å jobba som studiomusikar. I midten av 1960-åra arbeidde han i aukande grad som lydteknikar i tillegg til musikar, mellom anna på innspelingar med The Monkees, The Turtles, The Electric Prunes, Grateful Dead og Donovan. Han produserte to studioalbum for Steppenwolf, og var lydteknikar på alle dei tidlege hittane deira, inkludert «Born to Be Wild»,[4] og produserte Three Dog Night sin «Mama Told Me Not to Come» og «Joy to the World», noko som førte til at han jobba på alle dei følgjande albuma til Three Dog Night. [5] Andre artistar han jobba med som produsent var mellom anna Alice Cooper, Iron Butterfly, The Dillards, Chris Hillman og Black Oak Arkansas.

Podolor sovna inn 9. mars 2022, 86 år gammal.[6][7]

Diskografi (produsent) endre

Three Dog Night endre

Iron Butterfly endre

Blues Image endre

The Dillards endre

  • Roots and Branches (1972) (Anthem Records)

Jellyroll endre

  • Jellyroll (1971) (Kapp US, MCA UK and Tyskland)

The Souther-Hillman-Furay Band endre

Chris Hillman endre

20/20 endre

  • Look Out! (1981)

Alice Cooper endre

Phil Seymour endre

  • Phil Seymour (1981)
  • Phil Seymour 2 (1982)
  • “Prince of Power Pop” (2017)

Dwight Twilley endre

  • The Luck (recorded 1994, released 2001)

Steppenwolf endre

John Kay & Steppenwolf endre

Alcatrazz endre

London endre

Kjelder endre

  1. State of California. Fødselsregister for California, 1905-1995. Sacramento, CA, USA: State of California Department of Health Services, Center for Health Statistics, Ancestry.com. Henta 26. januar 2016
  2. 2,0 2,1 Dik de Heer, «Richard Podolor», Black Cat Rockabilly. Henta 26. januar 2016
  3. {Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 12. ISBN 0-89820-155-1. 
  4. «A TRIBUTE TO RICHARD PODOLOR». steppenwolf.com. 11. mars 2022. Arkivert frå originalen 6. november 2022. Henta 6. november 2022. 
  5. «Gwen Mars Hits Wolf Mountain Next Thursday», The Deseret News, 28 juli 1995
  6. «Richie Podolor, Produsent of Hits For Three Dog Night, Dies», Best Classic Bands, 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022
  7. «OBITUARY - Richard Allen Podolor - 7. januar 1936 – MARCH 9, 2022». Dignity Memorial. Henta 6. november 2022. 

Bakgrunnsstoff endre