Opna hovudmenyen

Spellemannprisen 1976 vart delt ut våren 1977. Pianisten Robert Levin fekk heidringssprisen frå juryen dette året, og det vart delt ut pris i klassen «rock» for fyrste gong.

Noreg arrangerte samstundes VM i skiskyting, ei hending som også vart kringkasta til andre nasjonar. NRK stod for produksjonen av begge hendingane men hadde ikkje nok utstyr til å sende begge i fargar. Overføringa til andre land vart prioritert høgast og Spellemannprisen vart derfor overført i svart/kvitt dette året.

VinnararEndra

Klasse Artist Tittel
Vokalist Wenche Myhre Wenche
Pop Match med Wenche Hallan Match
Rock Arbeidslaget Grovarbeid
Folkemusikk/gammaldans Toradertrioen Takk for sist
Jazz Bjarne Nerem Everything Happens to Me
Klassisk musikk/samtidsmusikk Einar Steen-Nøkleberg Norsk barokk og galanterier
Open klasse Morten Gunnar Larsen Classic Rags & Stomps
Visesong Ole Paus I anstendighetens navn
Barneplate Visvas Maleri av Visvas
Spesialpris: heidringspris frå juryen Robert Levin

KjelderEndra