Opna hovudmenyen

Wenche Synnøve Myhre, i nokre land kjend som Wencke Myhre, (fødd 15. februar 1947) er ein norsk songar og skodespelar frå Kjelsås i Oslo.

Wenche Myhre
WenckeMyhreErfurt042009.jpg
Fødd15. februar 1947
FødestadOslo
FødenamnWenche Synnøve Myhre
AliasWencke Myhre
Aktive år1954–
Verka somskodespelar, songar, plateartist, entertainer
FarKjell Myhre
EktefelleArthur Buchardt
PrisarLeif Justers ærespris, Pillarguriprisen, Solprisen, Spellemannprisen for årets popsolist, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

SongarEndra

Wenche Myhre voks opp på Kjelsås, og gav ut sin fyrste singel allereie som trettenåring, i 1960, med namnet Åh, det er søndag. I 1963 kom det fyrste albumet hennar ut, med namnet hennar som tittel. Dette vart den fyrste av fem album ho gav ut i sekstiåra, og fram til i dag har det vorte gjeve ut over 70 plater med Wenche Myhre som sentral utøvar. Blant dei mest kjende slagerane hennar i Noreg, er «Når jeg blir 66», «La meg være ung» og «Du og jeg og vi to».

I 1964 deltok ho i Melodi Grand Prix, m.a. med «La meg være ung» av Arne Bendiksen. I 1966 forsøkte ho på nytt, og også i 1992. Wenche Myhre vart også berømt som songar i Vest-Tyskland på sekstitalet, der under namnet Wencke Myhre. Ho har aldri representert Noreg i Eurovision Song Contest, men derimot har ho vunne den tyske finalen og representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1968 med «Ein Hoch der Liebe». Ho enda på sjetteplass.

SkodespelarEndra

I 1963 debuterte ho også som skodespelar i filmatiseringa av romanen Elskere av Terje Stigen. Dei komande åra spelte ho i fleire filmar, m.a. hovudrolla i Trollmannen fra Oz. Seint på sekstitalet starta ho å spela i revyteater for svenske Povel Ramel. I seinare år har Wenche Myhre også vore programleiar for fleire sesongar av ReisesjekkenTV Norge.

PrivatlivEndra

Wenche Myhre har vore gift tre gonger, seinast med hotelleigaren Arthur Buchardt. Ho har fire born.

UtmerkingarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra