Spey Bay (skotsk-gælisk Inbhir Spè) er ein liten busetnad i Moray i Skottland. Han ligg på austsida av munningen til Spey ved kysten av Moray Firth, mellom landsbyen Kingston på vestsida av Spey, og fiskehamna Buckie i aust. Ved Spey Bay finn ein den største småsteinstranda i Skottland.[1]

Spey Bay
busetnad
Land  Skottland
Kart
Spey Bay
57°40′21″N 3°05′12″W / 57.6725°N 3.0866666666667°W / 57.6725; -3.0866666666667
Wikimedia Commons: Spey Bay
Tugnet Ice House med ein statue av ei fiskeørn.

Spey Bay har opphav i laksefiske i Spey. Fiskestasjonen her som blei bygd i 1768 er ikkje lenger i bruk, men Tugnet Ice House – som skal vera det største ishuset i Skottland – er att som turistattraksjon. Det blei bygd i 1830, og blei brukt til å lagra is som ein henta ut frå elva om vinteren. Deretter brukte ein han til å halda laksen ein fiska her fersk.[2]

Ein del av den tidlegare fiskestasjonen er blitt bygd om til Scottish Dolphin Centre, som er drive av Whale and Dolphin Conservation Society.[3] Staden er kjend for delfinar, og det finst også fiskeørn, havert, steinkobbe, oter, ender og vadefuglar i området.

Spey Bay Golf Club opna i 1907.[2] Han ligg ved sida av turruta Speyside Way.[4]

Kjelder endre

  1. «Spey Bay», Scottish Wildlife Trust (på engelsk), henta 21. juni 2023 
  2. 2,0 2,1 «Spey Bay Feature Page on Undiscovered Scotland», www.undiscoveredscotland.co.uk, henta 21. juni 2023 
  3. «WDC Scottish Dolphin Centre - Spey Bay, Moray Firth», Scottish Dolphin Centre (på engelsk), henta 21. juni 2023 
  4. Spey Bay Golf Club & The Bay – Logos go at the top here! (på engelsk), henta 21. juni 2023