Spijkenisse
Spijkenisse er ein kommune og by vest i Nederland i provinsen Zuid-Holland med om lag 75 000 innbyggjarar.
Spijkenisse | |||
by | |||
Dorpskerk i Spijkenisse.
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Zuid-Holland | ||
Areal | 30,27 km² | ||
Folketal | 72 740 (2016) | ||
![]() Spijkenisse 51°50′00″N 4°19′00″E / 51.833333333333°N 4.3166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Spijkenisse |
Kommunen inneheld òg tettstadane Hekelingen, Den Hoek og Beerenplaat.
Historie
endreOmrådet rundt Spijkenisse har vore busett i mange tusen år og folket her livnærte seg av fiske i Maas og jakt i myrområda rundt.
Byen vart først nemnd i 1231 som Spickenisse. Namnet kjem frå orda spieke ('landtunge') og nesse ('nase'), som tyder 'spiss nase' og refererer til ei landtunge som stakk ut i elva.[1]
Byen høyrde først til Putten, men i 1459 vart lenet Putten overført til Filip III av Burgund. I 1581 kom området inn under greven av Holland.[2]
På 1500-talet vart landsbyen råka av fleire flaumar.
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 23. oktober 2014, henta 20. februar 2008
- ↑ http://home.zonnet.nl/irmarc/sol/spijkgs.htm
- Denne artikkelen bygger på «Spijkenisse» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2008.