Lokaltog på Røyken stasjon
Foto: Trond Strandsberg (2007)

Spikkestadbanen eller Spikkestadlinja, vanlegvis helst kalla Røykenbanen, er ei 14 km lang einspora jarnbaneline frå Asker stasjon til Spikkestad stasjon i Asker kommune.

Bana har elektrisk drift, og var tidlegare ei strekning av Drammensbanen mellom Oslo og Drammen. Etter at den dobbeltspora Liertunnelen og ny bane over Lierstranda vart opna i 1973, gjekk Drammensbanen beinveges frå Asker stasjon til Drammen i staden for den lange vegen i ei stor sløyfe om Spikkestad i Røyken og ned til Lierbyen i Lier kommune. Den gamle strekninga mellom Asker og Spikkestad kunne difor gjerast om til lokalbana Spikkestadbanen. Haldeplassen Gullaug i Lier kommune vart til å byrje med oppretthalde som endehaldeplass for passasjertrafikken på banen. Men frå 1994 vart bana gjort kortare ved at Spikkestad stasjon i Røyken kommune vart endehaldeplassen. No er det haldeplassen Lier ved munningen av Liertunnelen på Drammensbanen som er den næraste jarnbanehaldeplassen for det stroket som haldeplassen Gullaug låg i tidlegare. På strekninga frå Spikkestad via Lierbyen til Drammen er skjenegangen fjerna og mykje av traseen omgjort til gang- og sykkelveg.

Spikkestadbanen har stasjonane og haldeplassane Asker, Bondivatn, Gullhella og Heggedal i den opphavlege Asker kommune, og Hallenskog, Røyken, Åsåker og Spikkestad i den tidlegare Røyken kommune.

Sjå ògEndra