Lyngdal kommune

kommune i Agder
(Omdirigert frå Lyngdal)

Lyngdal er ein kommune sør i Agder fylke. Offisielt fekk kommunen bystatus den 1. januar 2001. Lyngdal strekkjer seg frå kysten og langt innover i landet. Han grensar til Farsund, Kvinesdal og Hægebostad i vest, Åseral og Evje og Hornnes i nord og Lindesnes i aust. Kommunen har tre fjordar, Rosfjorden (som har høgt saltinnhald og sjeldan frys), Lyngdalsfjorden og Grønsfjorden, som innanfor Jåsund heiter Lenefjorden. Høgaste punkt er Kalåsknipa, som på toppen er 506 m.o.h. Kommunen vart slegen saman med Austad, Kvås og delar av Spangereid (vest for Lenefjorden) i 1963. Den 1. januar 2020 slog Lyngdal og Audnedal kommunar seg saman under namnet Lyngdal kommune.

Lyngdal kommune
kommune
LyngdalKirke.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Alleen
Areal 391 km²
 - land 372 km²
 - vatn 19 km²
Folketal 10 357 (1. januar 2018)
Målform bokmål
Ordførar Jan Kristensen (H)
Kommunenr. 4225
NO 4225 Lyngdal.svg
Wikimedia Commons: Lyngdal
Nettstad: www.lyngdal.kommune.no

Kommunen har namn etter elva Lygna, som renn gjennom kommunen. Namnet Lyngdal tyder 'Lygna-dalen'. Viktig innan næringslivet er treforedling, jordbruk og handel. Turisme er òg sentralt, med strendene i Kvavik og Rosfjord.

TettstaderEndra

Personar med tilknyting til LyngdalEndra

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 58°8′17.8″N 7°4′6.1″E