For spinning som treningsform, sjå innandørs sykling.

Spinning er ein handverksteknikk som går ut på å trekke ut fibrar og tvinne dei saman til garn. Ein kan spinne for hand med handtein eller spinnerokk, eller ved hjelp av maskiner. Det er mogleg å spinne garn av dyrefibrar som ull og silke, eller ein kan nytte plantefibrar som lin og bomull. I våre dagar kan ein også nytte ulike kunstfibrar. Kunsten å spinne har vore kjend i særs lang tid.

Ein mann frå Ramallah spinn med handtein. Handfarga fotografi frå 1919.

«Spinning» (frå engelsk) er òg ei vanleg nemning på kondisjonstrening utført på spesiallaga, stilleståande syklar innandørs, såkalla spinningsyklar.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Spinning
  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.