Sen to Chihiro no kamikakushi
Sen to Chihiro no kamikakushi (千と千尋の神隠し), kalla Chihiro og heksene på norsk, er ein japansk anime-film frå 2001. Filmen er regissert av den japanske anime-regissøren og manga-teiknaren Hayao Miyazaki, og laga ved Studio Ghibli.
Regi | Hayao Miyazaki | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Yasuyoshi Tokuma | ||
Produsent(ar) | Toshio Suzuki | ||
Manus | Hayao Miyazaki | ||
Stemmeskodespelar | Ryūnosuke Kamiki, Yō Ōizumi, Yasuko Sawaguchi, Bunta Sugawara, Rumi Hiiragi, Miyu Irino, Mari Natsuki, Takashi Naitō, Yoomi Tamai, Tsunehiko Kamijō, Takehiko Ono, Tatsuya Gashūin, Akio Nakamura, Ken Yasuda, Koba Hayashi | ||
Klipp | Takeshi Seyama | ||
Musikk | Joe Hisaishi | ||
Sjeffotograf | Atsushi Okui | ||
Produksjonsselskap | Studio Ghibli | ||
Distributør | Toho, Mikado Film, Universal Pictures, Lucky Red Distribuzione, Walt Disney Studios Motion Pictures International, Walt Disney Pictures, HBO Max, Netflix | ||
Utgjevingsdato | 20. juli 2001 (Japan),[1][2] 19. juni 2003 (Tyskland),[3] 4. april 2001, 20. september 2002 (USA),[2] 2001, 20. juli 2001[4] | ||
Lengd | 125 minutt | ||
Opphavsland | Japan | ||
Språk | japansk | ||
Inntening | 355 725 195 US-dollar (verdsfemnande),[5] 13 750 644 US-dollar (USA),[5] 31 680 000 000 japansk yen (Japan) | ||
Sjanger | fantasyfilm, fantasyanime- og manga, barnefilm, oppvekstforteljing, isekai, dramafilm, overnaturlig anime, animefilm |
Filmen vann Oscar for beste heilaftans teiknefilm på den 75. årlege Academy Award-seremonien i 2003, og vann prisen for beste animasjon frå National Board of Review of Motion Pictures, Los Angeles Film Critics Association og New York Film Critics Circle. Han delte fyrstepremien gullbjørnen på Berlin filmfestival i 2002 med Paul Greengrass sin film, Bloody Sunday.
Handling
endreFilmen handlar om den vesle jenta Chihiro Ogino som flyttar til landet med foreldra sine, Akio og Yūko. Under flyttinga køyrer dei seg vill og oppdagar ein tunnel, og av rein nysjerrigheit går dei inn, uvitande om at den faktisk er ein inngang til åndeverda - blant anna til eit badehus der åndene og gudane (inspirert av den shintōistiske religiøse tradisjonen) dreg for å kvile og slappe av. Familien går inn i det som tilsynelatande er ein forlaten fornøyelsespark full av restaurantar, og «Chihiro» sine foreldre finn seg med ein gong ein stad å ete og forsyner seg av maten. Gjennom ein serie med forviklingar må «Chihiro» finne seg arbeid i badehuset til åndene for å redde seg sjølv og foreldra ut av åndeverda.
Kjelder
endre- ↑ Freebase Data Dumps, Google, Wikidata Q15241312
- ↑ 2,0 2,1 https://www.imdb.com/title/tt0245429/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 24. mai 2022.
- ↑ http://www.imdb.com/title/tt0245429/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
- ↑ «Spirited Away | Anime-Planet». Henta 30. desember 2023.
- ↑ 5,0 5,1 https://www.boxofficemojo.com/title/tt0245429/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 24. mai 2022.